Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for å lese om Arne Haugen


Bjørnesogor

Ho Berte Marie Gaukerud…

(Arne Haugen har og noko på hjarta)


I gamle dagar var det svart med bjørn sume stader her i Etnedal. Ho Berte Marie Gaukerud sat budeie ein sumar på Rundehaug. Det var so bjødnasamt på denne sætri. Det høyrde til dagsens nytt å høyre og sjå bjørn. Difor hadde ho børse med seg, so ho kunde skræme bjørnen om han korn.

Ei natt med ho Berte låg i den beste svevnen, vart ho vekt av at det vart so uroleg i sauetrø-i. Ho rende opp og såg ut. Og veit du! Då fekk ho sjå ein svær bjørn som spelte med sauene hennar. Ho Berte var ikkje sein til fata børsa og sende eit skot etter sauetjuven. Men då kan du tru bjørnen bykste i veg. Han fekk ingen sauesteik den gongen.

Ho Berte Marie Gaukerud var vel 30 år då dette hende. Ho døydde ikr. 1930, vel 80 år.

Del historien