Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Borkekverna ved Igletjernet

Før i tida stod det ei slags kvern som hakka opp granbork ved bekken nedafor Igletjernet. Denne borken vart brukt i garveriet på Hornnes. Men ved den kverna var det støtt om eining tuss og uro. Ein kveld i mørkinga tok kverna sannelig til å gå av seg sjøl. De hørde da det så tydelig i Pålrud. Han som paste kverna, drog da bortover for å se hå slags fanteri det var. Da han nådde fram, var alt stille, og låset satt i døra. Han gikk inn. Men inne i kverna var borkebunta kasta veggimellom, så mannen meinte det var ikke alt som det skulle.