Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Da Amund Olsen på Torsrud møtte Ulv…

Amund Olsen på Torsrud var ein kjempe til kar og hissig og hard. Han var med i krigen og fekk eit streifskott i panna, så det svei stygt. Men han kom attende til Torsrud. Ein vinter hadde han makra i hop eit stort lagga kar til ein krigskamerat på Stomperud. Han skulle ha det til badekar. Da det var ferdig, ville han dra til bygds med det. Men utpå Høljulen kom ein flokk svoltne ulver og kringsette’n. Da såg ‘n seg ingen annen utveg enn å kvelve karet over seg. Av og til letta han på karet for å se eller rope om hjelp; men da stakk besta labba innunder og krafsa etter’n. Dermed så brukte han teljekniven og hogg i labba. Teven av blod gjorde ulvene heilt øre, så de tok på einannen og sloss så det stod etter. Endelig utpå kvelden skjønte de på Torsrud at de var noe om å gjæra og kom settende med vørju, og da trekte udyra seg unna.

(Amund Larsen)