Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

EIN KVINNELAGNAD

Før i tida var det større skilnad på folk enn no. Den som var fødde i fattigdom, hadde lita von om å koma seg fram, fattigdomen var ein lagnad dei ikkje rådde med. Me som lever i dag med overflod av god mat,
trygder og stønad av mange slag, kan vanskeleg forstå korleis mange laut greia seg i eldre tider.

NB! BILDET ER KUN ET ILLUSTRASJONSBILDE.

Ein sumarkveld kring 1870 kom ei einsleg kvinne gåande med eit knyte i handa og ein unge på armen. Ho fylgde bygdevegen forbi gardane i Borstronda og fram til Rongshaugen, der utsynet over bygda ho kom til, var storfeld og vakker. Ho stogga opp og såg seg om, eit blinkande vatn i dalbotnen, vene gardar og angande bøar rundt ikring. Men korleis var folka i denne vene bygda? Ville dei ta vel imot denne framande, som kom med eit lite barn? Ho var trøytt og sliten etter ei lang ferd, og barnet sutra og skreik. Kvar skulle ho gjera av seg? Ho var vel van med å liggja på låven slik vart det no og.

Dei første dagane gjekk ho frå gard til gard og fekk litt mat til seg og barnet. I dei dagar var det ikkje lett å koma ukjend til ei ny bygd, alle såg med mistru på framande. Ingen viste kven kvinna var, ho fortalde at ho var frå Valdres. Ho var enno ung og ven, men var merkt av hardt arbeid. Det var noko dult over fortida hennar some meinte ho hadde vore gift, men at mannen hadde reist frå henne. Andre meinte ho
ikkje hadde vore gift, men at barnet var ein «lausing».

Kvinna hadde lett for å koma på talefot med folk. Ho tala vakkert og reint valdresmål, men det såg ut som bygdefolket ikkje lika det. Eit framandt bygdemål tolde dei ikkje. Hadde det enno vore bymål! Det vart vandare og vandare å slå seg igjennom. Folk ville ha lite med henne å gjera. Husrom var det ikkje lett å få, og første året fekk ho liggja på florslemmen ymse stader. Så kom ho til Flatlandsmoen, og der fekk ho bu i ei lita falleferdig hytte oppi marka. I denne hytta hadde ho heimen sin i mange år.

Kva ho levde av, var ei gåte for folk. Men gutungen hennar vaks til og kom i skulen på Bjørgum. Han var ikkje nuko skuleljos, og smått hadde han det. Når skuleborna hadde matykt, holdt han seg ute for seg sjølv, for han hadde ikkje noko å eta. Då han var 15 år og framsloppen, drog han til Amerika. Han fekk fylgje med andre ungdomar frå bygda. Korleis det gjekk med ham i den nye verda, veit ingen.

I den veste hytta på Flatlandsmoen budde Valdreskvinna meir einsam enn før. Ho vart meir og meir vâr for bygdefolk, men når nokon var uvørden i munnen, fekk dei kraftig svar. Folk tok då til å kalla henne
Galna-Valdreso, og det namnet vart hangande ved henne resten av livet. Når ho kom gåande bygdevegen, hende det ofte at både born og vaksne med ropte Galna-Valdreso. Då vart ho så sinne at det frøste av henne. Ein gong vart ho råka av ein snøball midt i fjeset medan ho gjekk i Vangsgata. Det var nokre gutar som gjekk på den gamle mellomskulen ved langebrua, som fann hugnad i å kasta snøballar etter henne. Galna-Valdreso vart eitrande sinna og sprang opp til styraren på skulen og klaga med ein gong. Men då styraren sa at det var ikkje godt å veta kven som hadde kasta på henne, svara ho:

– Å, styrar, ta dei berre tit i tunet, desse galningane dine, so skal eg visa deg kven som kasta. Eg kjenner han vél, han var so jøsandes kvit i kruna!

Når det var auksjonar før i tida, var det alttid mykje folk samla, og det kunne gå livleg for seg. Galna-Valdreso møtte opp og selde kaffi til auksjonsfolka. Ho hadde ei lita kokemaskin. Sume stades fekk ho lov til å drive med kaffikokinga i eldhusa, men ofte heldt ho til ute i det fri. Slik tente ho seg litt pengar til mat.

Ho var flink til å veva sokkeband og skautaband. Mange kjøpte slikt som ho vov på ein liten handtein. Elles laga ho gamaldagse bringeklutar. Ho var lett på handa og gjorde fint arbeid.

Om haustane tok ho onnearbeid hjå bøndene. Men løna var ikkje stor den tid. Det vesle ein fekk utanom maten, rakte ikkje langt. Galna-Valdreso arbeidde hardt alle sine dagar og sparde seg aldri. Ho var stolt og ville ikkje ta imot noko «almisse». Om ho såg fillut ut, heldt ho seg likevel rein for uty.

Kring den vesle hytta hadde ho noko skrapeslått. Når ho slo om sumaren, gjekk ho gjerne herre i ei stutt ulltrøye. Det hende eingong at tyske turistar kom køyrande framom Flatlandsmoen på veg til Hardanger. Då fekk dei sjå Galna-Valdreso framfor hytta med berre den stutte ulltrøya på seg, då peika dei og ropte. Galna-Valdreso snudde seg og geipte til dei og slo seg på berre baken. Tyskarane fekk seg ein god lått og eit ekstra kulturminne frå den ferda!

På sine «gamle» dagar flytte Galna-Valdreso frå den falleferdige hytta. Ho fekk hus i ein kjellar i Haugemoen. Dette husværet var ikkje stort betre enn det ho hadde hatt. Ho var ikkje lenger så sterk og
arbeidsfør, hardt arbeid, lite mat og skral bustad var nok til å ta mergen or kven som helst. Men det verste var å veta einsam, ikkje å ha ein ven å be om råd eller hjelp, men tvert om vita at ein hadde heile
bygda mot seg, det var vondt.

Det var ikkje mykje offentleg hjelp å få den tid, og tiggarvegen ville ho ikkje gå. Når ho ikkje hadde mat i huset, kunne ho rota på den store bosdungen på Prestegardsmarka og grava fram bein og avfall. Og var ho heppen, kunne ho finna eit skjemt skjøtstykke. Det tok ho med seg og vaska og gjorde reint, og når det kom i gryta, vart det no etande.

Det siste leveåret kom Galna-Valdreso på Fattiggarden. Det var ikkje hennar eige ynske å koma dit, men ho var hjelpelaus av gikt og svolt. Jamvel om ho fekk bra stell og ei seng å liggja i, var ho ikkje lenger
den frie fuglen.

Då ho var slokna og skulle i jorda, var det ingen som felte ei tåre. Fattigkassa slapp med kiste og gravar, og Galna-Valdreso fekk endeleg fred.