Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971


Ein merkeleg sjukdom i Bangdalen


Dette hendte på garden Annsjøen i Bangdalen. Folka på gården sat og åt middag. Da ga det ut eit smell som eit skott, alle hørte det så nær som ein, det var Iver Olsen Solem (også kalt Iver Annsjøen).

Men etterpå vart han så han hørte sers godt, han tolte ikkje at katta gjekk ut om veggen. Det vart til at han sette seg opp ei hytte ut på enget, langt frå gården, men likevel høyrde han så godt at han kunne fortelja når det kom nokon til gården.

Det vart søkt råd på mange vis, men ikkje noko hjelpte. På denne tid dette hende, kring 1860, var det ein runkall som heitte Bernt Sillern. Han kom til Bangdalen i vårløysinga, og gjekk i lervsollabba. Han spurte Ivar om han kunne få kurere honom. Iver svara at han hadde prøvd så mange råder at han trudde ikkje noko hjelpte. Men kor går det med deg Bernt som går slik på beina. Bernt svara:
–    ”Nå, me mæ e de itj så fale.”
Men det vart at Bernt skulle få forsøke seg.

Bernt fortalde han så korleis det skulle gå ut over sommaren. Om ei tid skal du sitja oppe, og når det lid lenger ut på sommaren skal du verta så mykje betre at du går ned til elva og prøver fisken, og før sommaren er omme skal du verta heilt frisk. Dette gjekk som Bernt hadde sagt. Etter dette er det fortalt at Bernt greidde ikkje å kurera nok omeir. Men Iver meinte å ha fått noko av denne evna, men det er ikkje høyrd noko om det.

Iver kom sidan til Beitstad, han kjøpte gården østre Jønnum i 1875. Iver hadde ei dotter, Oline. Ho hadde ei viss evne, ho kunne noko dei kalla ”å lesa reilorda”. Noko som vart nytta når nokon hadde fare ille med vikkel eller på annan måte ikkje kunne gå. Det er fortalt at ho ordna opp med det.

Del historien