Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE AUROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.

Gamle Kari Josefberget fraus hel i 60-åra…

Gamle Kari Josefberget fraus hel i 60-åra. Det var om hausten og hard berrfrost, og a Kari dro til Vinger for å handle. I mørkinga hadde ho rokki så langt heimover som til Bekkholt. Da kjente ho seg trygg, for gubben brukte å møte a der. Men nå vart’n borte.

Det hadde seg slik at det var kommi ein legpredikant til Josefberget om dagen. Og han hefta gubben bort med prat, og sa at Gud ville føre kjerringa frelst heim att. Ja ja, så roa han seg med det, og de la seg til å sova om kvelden.

Søstorm

Da kjerringa hadde venta både vel og lenge, og mannen ikke kom, sette ho i veg lell, enda de i Bekkholt sa ho måtte bie til dagen etter. Da ho kom på Høymyra, sette det inn med snøføyke, og så mørkt som det var, kom ho ta vegen og gikk seg vilske i skogen. Like vel holdt ho liksom leia og nådde mest heilt fram til skigarden heime. Der fann de a om mårån under ei gran — stiv — med knepte hender og frosne tårer på kjaka-a. Men gubben vart sinnssvak.

(Amund Larsen.)