Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Haugen i Orenga

Ved Sloa neda Slobrua heiter det Orenga (utt. Olenga). Her ligg det ein storvoren haug som mange trur må være ein gammal gravhaug. Så sier sagnet at det skal ha stått eit slag her ein gong, og at den eine kongen vart dropi hel. Sia kasta de opp haug over ‘n like ved åa. Det syner seg at noen har prøvd å grava seg inn i haugen, om de kunne finna eitt eller anna. Somme trur helst at haugen er innhola på eit vis; for når ein tramper på han, let det omtrent som han skulle væra tom.

(Erling Krybelsrud)