Lesernes kommentarer

  1. Dokumentarfilm (opptak 1950) om gardsdrift i Havrå, Haus kommune, Osterøy utenfor Bergen. Ein film frå eit avstengd lite norsk bygdesamfunn. Nokre mil aust for Bergen ligg Osterøya, med eit av dei mest sermerkte tun på Vestlandet. På dei fleste gardar har utskiftinga ført med seg at brukarane no bur kvar for seg. Men på Havrå ligg enno det gamle klyngjetunet, slik det har gjort i hundrevis av år. Det er mest som å koma inn i ein småby når ein går inn gjennom Garen, som dei kallar den lange gata gjennom tunet, og møter folk som skundar seg til og frå mellom husa. Bekken som renn gjennom tunet, er god å ha. I renne lengst oppe hentar dei vatn, og der skyl dei kleda sine. Men lenger nede går bekken under jorda, og der tek han opp veiter frå rennesteinar ved kvart hus. Stovehusa på Havrå ligg midt i tunet, løene i utkantane. Frå tunhaugen har du god utsyn over tunet med gamalt og nytt. Tak ved tak, tekte med villheller og hardingheller, vossaskifer, torv og pannestein, og endåtil bylgjeblekk. I slutten av mars tek våronna til med møkbering. Dei har ikkje hest på Havrå, det får mannen sjølv vera. Det blir å fylle kipene og bera dei på ryggen ut på åkeren og på bøen. Men karane er ikkje aleine om arbeidet. Alle lyt ta eit tak om arbeidet skal bli ferdig til rett tid. I gamle dager gjekk kvinnene jamvel og spøta når dei bar møk, men det er det no vorte meir slutt med. Våren går over landet. Snøen brånar, kusymrene blømer i bakken, og i sauefjøsa er det lemmingstid. Dei små nyfødde lamma må få øyremerke før dei kan sleppe ut saman med dei vaksne sauene, ellers blir det uråd å halde dei ut frå einannan. For på Havrå beiter alle sauene i lag, både om våren når dei held seg heime på bøen, og seinare på sommaren når dei går oppe i marka. Fyrste sommardagen den 14. april, var spodagen, sa dei gamle. Dei held ikkje so fast på nett denne dagen lenger, men enno er det likevel slik at alle tek til på same tid, som i dei andre store onnene. I gamle dagar var det og vanleg at dei gjorde bytesarbeid i spoda, som i så mange arbeidstak. Helt fram til 1915 brukte dei trehakar til å vende jorda, men no er det berre spaden som er i bruk. Plog har visst aldri vore i jorda på Havrå. På Havrå er det skikken at det er kona i huset som sår. Etter såinga går dei over åkeren med mylderiver så dei får kornet ned i jorda. Før i tida kunne dei mest brødfø seg med korn på Havrå, men idag dyrkar dei berre noko havre… (Fra programheftet) Dokumentarfilm (opptak 1950) om gardsdrift i Havrå, Haus kommune, Osterøy utenfor Bergen. «Havråtunet» er en forkortet utgave av «Havretunet», som ble produsert i 1950 i en versjon på 3731 meter (130 min.). Den lange originale versjonen har ikke blitt vist offentlig på kino. Senere ble filmen klippet ned til en «publikumsversjon» (65 min.) under tittelen «Havråtunet», som ble sensurert i 1956. Denne versjonen hadde Bergens-premiere 12.3.1956 og premiere i Oslo året etter. Statens filmsentral distribuerte den lange originalversjonen på VHS på 1990-tallet

  2. My brother suggested I would possibly like this web site.
    He was once entirely right. This submit truly made my
    day. You cann’t consider simply how so much time I had spent
    for this info! Thanks!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *