Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944

Frå naudsåri

Bildet er et illustrasjonsbilde

I 1808 og 1812 var det svært til naud i landet. Elles var det naudsår ofte sidan ogso.

På dei småe bruk og plassar var det i naudsår reint svelt-i-hel. Og jamen var det ofte ikkje greitt på dei store gardane heller. No skal du høyre korleis Nes-bonden berga seg ein gong. Det var venteleg den tidi Nes var ein gard. Det er i alle fall so lenge sidan at Nes brukte Bring, no eit sjølveigarbruk, til hauststøl. Den tidi tok dei mykje av fôringi si på stølen og i utmarki.

Ja, onnefolki på Nes hadde vore på stølen og orma. Det var nett i ei fæl «nøstid». Åkeren vart ikkje mogen.

Då onnefolki kom heim or åsen og skulde til å onne i Bring, bodde dei ikkje ei grjønslete att å leva tå.

Då vart dei vare at det var ein k.naus på ein åker på Nes, det tok til gulne tå. Då fór ein tå husmennene over og skar dette, banka or kornet, gjorde det tå, turka kornet i ei gryte, fekk male det, og om kvelden eller morgonen etter kokte dei graut tå mjølet. Soleis vart det ei råd då med!

Elles brukte dei i dei tidene mykje borkebrød, men det vart dei so trotne i andletet tå. Ja, so fortalde han far.

Mange velståande folk hadde det ofte so smått i matvegen, at dei ikkje vilde syne andre kva dei åt.

På Øystre Bø i Aurdal var det i eit slikt naudsår ein husmann som stod og slo uta glaset. Han tala med seg sjølv, avbrigda målet sitt, spurde og svara nett som det skulde vore to. Glaset stod uppe so dei høyrde vel kva han sa.

”Ko få dej te mat på Bø då? Ko ete ‘n Ola sjøl?”
”Å jau, han sit nok uti kammerse o et børkevelling, han.» Soleis falt ordi hans.

I 1860 var det hardt naudsår att. Då var det slik regnsumar at kornet vart ikkje skjært. Strandafjorden stod saman att over Nesøyne, slik flaum var det.

Vinteren 1860-61 hadde me mest ikkje mjøl å leva tå. Det var kjøre (kjørost) og mjølk og annan mat tå krøteri å eta kvar dag mest heile vinteren..

All budrått var mykje verd når det var uår. No ska du få høyre ei soge um det.

Det var ei gamal kjerring tå Brenn i Abjør som sat på stølen sin på Ølsjøbakko. Ho heitte endå Ingrid. Den einaste dotteri hennar heitte Anne, og ho vart seinare kjerring på Høve. På Ølsjøbakko var det ei fattigkjerring som hadde støl. Ho hadde ogso ei dotter som heitte Anna. Ein dag skulde fattigkjerringi heim ei snøggferd. So fekk ho sett att smågjenta si hjå henne Ingrid. Men so tok ho snart til å bli grinut, smågjenta. Då visste ho Ingrid ingi onnor råd enn ho tok ei skei med litt brim i og gav henne.

Då kjerringi kom på stølen att ut i langøkti, sa ho til Ingrid:

«E gav henne Anne dine ei brimskjei, e. O før de skal du gje henne Anne mine ei luve!»

Det var ikkje mykje tene med sying då! Maten var dyr!