Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Hesten på brua

Far hadde vori på Melland på besøk og gikk heimover ved tolvtida. Det var i 1840. Da han skulle over brua over Sagmoåa, fekk’n se noe svart som låg på brua. «Hå er nå detta for noe,» tenkte’n. Da han skulle se betre etter, så var det ein svart hest. Han kunne tydelig se’n da han kom borttil. Like til auga såg’n, og beina og rumpa. Og svart var’n og stor. Ingen hadde slik hest det han visste, og ingen hest brukte da å legge seg slik. Far ville hoppe over; men hesten vart så stor så det klarte’n ikke. Han måtte gå ein lang omveg for å komma over åa. «Jeg var ikke redd da,» sa’n far, «men jeg vart redd sia.» Men om mårån var hesten borte.