Hentet fra ”LIV OG LAGNAD I STJØRDALSBYGDENE”
(STJØRDALSBOKA BIND I DEL II – side 420)

På Sonbjørgvollen, sørvest for Skarven var de ofte plaga av bjønn. Ein kveld de dreiv med myrslåtten, kom hesten de hadde med seg i vill fart forbi med ein stor slagbjønn etter seg. De hadde ein bister bjønnhund, og han sette etter bjønnen, og så bar det vestover med alle tri. Slåttefolka sprang etter, men nådde ikke att, og til slutt mista de spora. Borte ved Styggstivollen tok bjønnen hesten. Hunden såg ingen att meir, den hadde vel vore for hissig og fått ein dask som den ikkje tålte. Nokre dager etter vart ein stor bjønn skote i Sondalen – det var vel helst den samme.

Ei helg i 1870-åra fekk setertausa besøk av ein kar som skulle ha med seg setermat heim. Han hadde eit godt auge til setertausa. Da de hadde lagt seg om kvelden vart det bråk ute ved fjøset. Da de kom ut, fekk de sjå at bjønnen hadde rive hol i taket og komme seg inn. Men så hadde han vorte redd fordi han var innstengt og istadenfor å gå laus på kyrne hadde han tenkt på retretten, og gått til angrep på fjøsdøra. Han greide å slå sund døra, men på utsiden var det to ”bjønnklampar”. Det vat store stokkar som var lagt opp i spor på begge sidene av døråpningen. Han fekk skallen og framlabbane gjennom døra, men så datt den øvste klampen ned, og der sat han i kleima. Det ville ha vore lett å slå i hjel bjønnen, men setertausa var i slik god stemning fordi h ahadde fått besøk av kjæresten. Ho bad for bjønnen, og guten hadde vondt for å seie nei til jenta i slikt godlag som han og var i. De hjelpte bjønnen laus og så for han til skogs og viste seg aldri meir.
 
 

Del historien