Internt referansenummer: 07.11.09 – A

Kilde:
GJEMNES-MINNE 2008

Barndomsminne kring 1912

v/ Erna Lamvik

No når det stundar mot jul året 2008, kan det kanskje høva å koma med ei beretning om tilhøva for snart 100 år sidan. Dette er eit utdrag frå eit lengre minneskriv som far min, Lars Halle f.1898, har skrive om barndomsminner frå Torvikbukt kring 1912.

I 1912 var dei ein søskenflokk på 8, 4 gutar og 4 jenter i tillegg til mor og far og bestefar der på den vesle garden og buplassen Volden, som låg om lag midt i bygda. I 1915 hadde syskenflokken vakse til 10 born. Det var tronge kår, og mange munnar å metta.

Her let eg far sjølv fortelja:

Far hadde mange hestar gjennom åra.

Vi fekk læra å stella og handtera dei, men somme var lunefulle. Når vi skulle henta dei heim frå beite, og vi sat på ryggen på dei, spratt dei stundom rett i lufta så vi for som ballar mot jorda. Då la dei iveg i store rundar, stilte seg opp med rompa i veret og bles gjennom nasen så den varme lufta for som små røykdottar bortover. – Men den eine av hestane kunne ikkje småkarane noko med, han nekta å lyda. Den einaste som kunne styra med han, var Ellen. Når Ellen kom og tok han i luggen, gjekk han etter som eit lam. Ellen hadde eit eige lag med både folk og dyr.

Vi visste vi var i små kår, framfor mange andre, men vi leid aldri naud. Kleda var for det meste av vadmel, sokkane av ull, og skorne av krusalær med jarn under hælane.

Det hende vi fekk poteter og surmjølk til kvelds. For det meste var det margarin og sirup på grovbrødet. Smøret som mor kinna i stavkinna, måtte som oftas seljast. Eg minnast vi fekk kokt flesk, poteter og ertersupppe når vi kom frå kyrkja preikesøndagane. Det var høgtid! Var det kjøtkaker, spure alle; ”Mor, er det mange på kvar?”. Mor svara: ”De får spe på med poteter og saus, så blir de nok mette.”

Julaftan var alle tidlig oppe for å hjelpa mor, far låg sjuk. Eg tok ei trebytte og ei hakke på nakken for å hente skuresand frå Kvernhushaugen. (Her må eg skyta inn at Kvernhus haugen låg langt ovom sommarfjøset, heil oppe ved kvernhusmyra, om lag der lunningsplassen og gapahuken åt skulungane står i dag , like ved overgangen til elva Myrdøla. Det låg 2 kvernsteinar ved elva-vaet der enno i min barndom, og det skulle vera Innate-kverna som hadde stått i området der). Det var is og tele i jorda,men under einer-rota låg sanden laus og fin. Det gamle stovegolvet skulle skurast rein og kvitt før kvelden kom.

Det var ikkje lys dag enno. Furuskogen stod så stille, mest ikkje ein pust. Det såg ut som greinene heldt kvarandre i hendene til morgonandakt. Der var helgedagsfred. Bygda hadde heller ikkje vakna enno, og fjorden låg drøymande med nokre blanke strimer rett inn for Flatholmen. I denne stilla gjekk eg og stille med bytta mi.

..Men du verden kor eg skvatt. Det gjorde eit rykk i meg. Rett framfor meg spratt ein rev opp! Han hadde visst hatt morgonlur etter jakta om natta. Han kasta seg rundt og såg på meg. Dei spisse øyro stor rett opp, og dei runde, gløgge augo tok mål av meg. Før eg sansa meg gjorde han eit langbyks utfor bakken med den lange svansen sin som styrekost. Eg hivde bytta og sprang etter for å sjå; tenk om eg kunne få eit glimt til av dette fine dyret. Men nei, styrekosten var borte. Det var første og siste gong eg fekk eit slikt møte.

Under gravinga høyrde eg eit sus i tretoppane, ein melodi som bar bod om noko. Naturen er slik. Himmelen vart grå og tung og kom sigande ned mot jorda med eit stort mjukt teppe. Så kom dei store snøfloksene og svala det varme gutekinnet, og snart var heile skogen kvit. Kvart eit tre og kvar ei busk fekk ei kvit rein julekåpe på seg på mindre enn ein time. Etter kvart bøygde greinene seg under påkledninga i audmjuk takksemd.

Eg stor lenge og undrast, og tenkte på han skreddar-Hallvar. Han hadd lova med ein vadmelsdress til jul – trøye, knebukse og vest med lommar på. Eg var inne hjå han til prøve to gonger. Siste gongen sa han: ”Nei, Lars – eg blir nok ikkje ferdig med dressen din til jul, eg vart så burtheften med en kar som var her med ei trøye som han hadde kjøp i byen, han var så slutaksla at trøya hekk som på ein krokstaur.”

Eg gjekk med mange tunge tankar, tyngre enn sandbytta, enda ho var tung nok. Eg var liten og ryggen stutt. Bytta dingla att og fram heilt ned på enden. Eg tenkte på Hallvard, dressen og Gud og den kvite kåpa alle tre fekk, og meg sjølv som gjekk krumbøygd under tyngda av trebytta med skuresand i, og kom mest ingen veg i snøfallet. Så små vi var – og Gud så stor! Bestefar som var sjømann, sa at Gud held havet i si hule hand – heile havet. Eg ville prøve det same, tok handa nedi og auste opp for å sjå kor mykje som vart igjen. Alt vart igjen. ”Å nei, du er liten du Lars,” sa havet.

Då eg fortalte mor om Hallvard og dressen, sa ho berre då ho såg kor vonbråten eg var: ” Eg skal bøta og pressa den du har, så skal du nok gå skamlaus i jula i år og.” Ved kveldsandakten song mor:

”Jeg vet en drakt mot hvilken blekner- Alle verdens prakt og herlighet.
Som hver en synder smykkes med når Gud ham Sønnens blod tilregner.
En drakt så yndig og så prud -som skjuler syndene for Gud. En drakt for brudeskaren.”

Då mor bad den kvelden, kjendest det som ho var meir i himmelen enn på jorda. Ja, eg var der eg og. Dei tunge tankane kvarv. Eg såg den store skaren for Gud`s kongsstol som tusen berg med nysnø på. Og i denne drakta var eg kledd. Og den hadde Jesus gjort ferdig til bestemt tid for meg. Eg var kongebarn kledd i kongeskrud. Eg kjende ei lukke som aldri kan tolkast.

Kl. 13 på julaftan skulle søster mi vere med etter juletre, for ho hadde betre vet på slikt enn eg. Vi leita lenge. Når snøkåpa kom av, kunne dei vere vene på ei side, men innsida stygg.
Kl. 16 stod treet midt på golvet, pynta med nokre få talglys og små papirkorger. Ingen pakker ved foten som lokka og drog synet ned. Treet var fest i eit nake trekors, og i toppen ei stjerna. Det skulle minna oss om korset og morgonstjerna Jesus.

Siste månaden gjekk rokken og kardene til langt t utover nettene. Tullane vart til garn, og garnet til sokkar. Jentene kunne strikka. Stikkene gjekk som trommestikkar, men dei gjekk i ullgarn. Det blir ikkje sokkar av trommer. Når mørkret seig på, vart parafinlampa over langbordet henta inn, og badinga tok til av dei minste. Dei største hadde ordna seg før. Mor stod også for badinga. Bestefar sat ved omnen, komfyren, og nørte elden under gryta. Han song utaboks av Landstads salmebok.

Medan mor ordna med kveldsmaten, skulle dei to eldste i fjøset. Det var 3 kyr, Gulldokka, Dagros og Grålin, 6 sauer, 1 hest og 6 høner. Det var som ein familie i eit rom. Hønene sat vagla opp under taket på ei stong om natta. Julaftan fehh kyrne ekstra stell. Mor hadde nappa høy frå høystabben med ein trekrok med tvihake på , og laga vollar med tvinna halmband rundt. Så fekk dei luta halm med lunka vatn og ein neve havremjøl over. Brit-sauen og Lars-sauen som var same sauen, fekk ein ekstra klem før vi sa ; ”god natt og go`jul!”

Det skulle byggast bedehus i bygda, og same hausten hadde det vore basar til inntekt for bygginga. Beret Rønningen, ei gild misjonskvinne, hadde gjeve ein svart kraftig ungsau til utlodding – og sauen hadde ho med til basaren. Han vart sett inn i vedskotet og bunden til stabben for å vente på ny eigar.

Brit og eg hadde fått pengar av bestefar for å ta nummer på sauen. Alle skulle ha nummer på sauen, og det laut fleire nummerbøker til. Sauen var svart som ein ravn og hadde mykje ull på seg. Den som vann slapp farging av garnet. Det gjekk lang tid før trekkinga gjekk av stabelen. Sauen var sist.

”No går sauen,” ropa gamle Trond, og risste grundig på spannet med lappane i. Så kom loket av, og nummerlappen opp. For ei spenning, men ikkje leven og heiarop. Det var stilt som i grava. Det dirra i oss av spenning. Søster mi klemde handa mi så det gjorde vondt. Det kjendest som ho hadde jarnnevar.

Bestefar hadde gjeve tomt til bedehus og gjeve oss pengar for bedehusets skuld. Han tenkte mindre på sauen. Endeleg kom det frå basarbordet: ”Sauen er vunnen av…vi held pusten.. Brit og Lars Halle!”. Om hjarta stod stille eller hoppa – eller sjokk – er uvisst. Er det sant? Var det namna vår som vart ropa opp? Er sauen vår? Alt blodet for visst til toppen. Brit gøymde andletet i dei lange svarte krullane sine. Ho kika på meg med dei blå augo sine mellom krullane. Ei tåre datt. Men eg var kar og trykte spenninga ned i knea, men dei skolv. Eg fann ikkje hendene, og huva datt i golvet. Gamle Trond såg kor brydde vi var, og han sa til oss.” Eg vil ynskje dykk tillukke med sauen, må han bli dykk begge til glede.” Vi prøvde å koma oss ut som anstendige folk, men hoppa ned troppa og storma inn til sauen.

Femøringsskiva til nummertakinga vart til ein stor levande sau – vår sau! Vi løyste han frå stabben, men då han såg døra open, for han ut i  mørkret i eit langt byks, og taustubben for ut or hendene våre. Sauen vart blenda av lyset og for hovudkuls mellom stakkane på nokre gamle kjerringar som stod der. Dei skreik og klamra seg til kvarandre. Og hadde det ikkje vore for at dei visste om sauen, så hadde det blitt til skrymt til denne dag. I ei lysstripe såg vi skimten av han oppe i bjørkehaugen. Vi sette etter i tanande sprang. Vi stupte så gjørma spratt ikring oss. I spranget ba vi Gud om hjelp til å finna att rømlingen. Han var vår. Under skogranda var eg så nær at eg greip etter han, kjende ulla i fingrane, men det glapp- og så var han borte. Han var like svart som natta. Alt svart. Og vi som tenkte å ta han med inn i kjøkkenet og syna rikdomen fram for alle heime. No fer han rett i gapet på udyra. Vi visste det var bjørn i skogen, ravar og skrottar låg igjen etter han der oppe. Eller heng han seg sjøl . Vi hadde høyrd om slikt og.

Vi kom heim møkkete og dyvåte, utan sau! ”Kvar kjem de frå, og slik som de ser ut!”sa mor. Men eg var stum, forknytt, sorg draup av andletet. Brit hadde lettare for å få sorga ut gjennom munnen, og snart var heile historia unnagjort. Då lo bestefar. ”Å nei, han kjem nok dit han kom frå før dagen renn,” sa han. ”Bjørnen er gått i hi for lenge sidan, varg finnst ikkje og den rotne taustubben held nok ikkje ein slik rebelsk kar”. Det tok lang tid før somnen kom den kvelden. Eg tenkte på det bestefar sa. Kanskje udyra vert redd ein slik svarting no når det stundar mot jul midt på natta, han var i alle fall rebelsk no.

Dagen etter kom det bod frå Beret at vi måtte koma og hente sauen vår. Han stod i svalgangen og åt høy, da Beret kom borti der på morgonkvisten.

– Og kvar haust når fjellet var reinska for sau, var sauen vår å finna i Rønningen hjå ho Beret, for der høyrde han heime. Vi hadde høyrd at sauen er dum. Ja, det er folk og, men ikkje slike svarte sauer i alle fall!

Då vi var ferdige i fjøset, snudde kyrne hovudet med mulen full av høy og såg etter oss med dei store gode augo sine. Vi kjende oss så rike ved å sjå slik takksemd.

Ute på tunet var alt stille. Bygda, skogen og fjella, alt kvitt. Det anda fred. Da vi kom inn var kveldsbordet duka. Vanleg var det havregraut, men julaftan var det rømmegraut med steikt sauekjøt, flatbrød og poteter etterpå.

Da alle var mette las mor eit brev frå onkel Ola. I brevet låg ein 10- dollarseddel. Onkel Ola reiste til Amerika i 1907, da var eg 9 år. Onkel Ola skildra livet der borte og om lengselen etter fedrelandet og heimen. Han lengta slik etter å få oppleva ein julekveld heime hjå sine. Maken til jul i gamlestova heime fantes ikkje i heile verda – ikkje i Amerika heller. Nei, der heime var det jul heilt til trettande dagen. Onkel Ola måtte venta i 43 år før han såg heimstaden igjen.
Bestefar sat i høgsetet.Han hadde tre huspostillar: Johan Arndt, Pontoppidan og Franke. Men denne kvelden var det Luther. Han seier i fortalen til juleprieka:” Denne histrie om Jesu fødsel i Betlehem skal prentast inn i både unge og eldre, så alle får veta kva nytte vi har av det.” Det var mange gonger mor laut klippa veiken av talglysa medan bestefar las. Augo på dei minste vart tunge og smale som små streker. Hovudet nikka og duppa til høgre og venstre, og seig tilslutt ned på bordkanten. Under den lange preika sov dei den rettferdiges somn.

Kl. 23.00 kraup bestefar på fire opp troppa til loftet. Eg smatt opp ved sida hans og kom først opp. Bolsteren i senga mi var fylt med ny havrehalm. Det gjekk fort å koma under skinnfellen, og eg minnest den reine angen av hovudputa og eg undra meg over kor mor kunne greie alt. Eg såg kor trøytt ho var ved kveldsbordet, men det stråla glede og fred av andletet hennar.

Gjennom vindauga såg eg stjernene tindra i eit endeleg lyshav høgt over Reinsfjellet. Over dei var hiommelen, men hjå oss var Jesus, det sa bestefar og Lluther. Eg la hendene saman over bringa og bad: ”Nu lukker seg mitt øye, o Fader i det høye, i varetekt med ta”.. Og snart sov vesleguten i si store barnelukke. Det var jul!

God jul til alle som les Gjemnes –Minne 2008.

Helsing Erna Lamvik, Lars-dotter

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *