Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Blaker Musikklag, Blaker

Blaker_Musikklag-Blaker
Fotograf ukjent.
Foran: Sverre Stenby, dirigenten Olav Kristiansen.
Første rekke fra venstre: Olav Bakken, Jan Alle Roti, Ragnar .Langeland Kjell Torvund,
Willy Kristiansen, Johan Bergerud.
Annen rekke fra venstre: Olav Paulsen, Asbjørn Bergerud, Bjarne Slenby, Gerd Bruun, Alfred Lundberg.
Tredje rekke fra venstre: Odd Torgersen, Bjørn Nilsen, Henrik Torgersen.
Innfelt fra venstre: Alv Vdrum, A. Reinds.

Blaker Musikklag, Blaker kom i gang ein gong i 1930 etter at Blaker Arbeiderparti’s Hornmusikk hadde vorte uppløyst, og Blaker Ungdomslag’s Hornmusikk hadde lege nede i mange år. (Blaker Arbeiderparti’s Hornmusikk var sett i gang i 1919, og dette årstalet står på Blaker Musikklag si fane.

Fyrste formann i laget var Olav Bakken, og fyrste kasseraren var Olaf Kristiansen. Fleire var det visstnok ikkje i det fyrste styret. Dei fyrste åra var øvingane oftast i gjørtlarverkstaden åt Hj. Lund-berg, — um vinteren heldt ein eller annan av medlemene i laget hus åt møta.

Dirigent var den fyrste tida musikksersjant Ole Huseby. Sidan overtok Olaf Kristiansen dirigentjobben.

Den fyrste tida etter starten var det ikkje meir enn seks eller sju blåsarar i laget, og det hadde inga faste trommeslagarar. No er medlemstalet 22 i alt. I 1949 sette laget i gang eit gutekorps. Dette har fått sitt «foreldrelag» og eige styre.

Uniformane er kvite jakkor og myrke buksor (eller skjørt) og kvite luvor.

Av arrangements som laget har vore med på, må fyrst og fremst nemnast stemnone åt Romerike Musikklag, som laget har vore med på frå starten åt R. M. i 1946. Elles må nemnast at laget heldt «privat» konsert i Festivitetslokalet på Sørumsand våren 1943, og denne laut takast uppatt ein månads tid seinare; båe gongene var det fullt hus. Desse konsertane hadde laget i samarbeid med songkoret «Fossegrimen» og haringfelespelaren Matias Å frå Nordfjord.

Dei siste åra har laget hatt nokre konsertar i den nye festsalen på Staten’s Yrkesskule, Blaker Skanse, i samarbeid med «Fossegrimen» og Skansen Manns. kor.

Styret i laget er no: Johan Bergerud, formann, Alv Vårum,Sverre Trønnes, Olaf Kristiansen og Ragnar Langeland.

Medlemstalet er no 22, av dei er det ei gjente. Øvingstad er no på Haugtun skule.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *