Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

 

Bytingen på Finnøy

På Finnøy i Drangedal var, det ein gong ein gamal kall som var so hongamal at han hadde vore der på garden ætt etter ætt. Det var ein byting, og han åt og drakk og var eit fælt follau på garden. Og ingen hadde høyrt at han snakka. Og ikkje fekk han daue hell.

Men ein gong var det ei kjerring som stelde til ein brøsoll i eit stort knodtrog og la skeier rundt. Da høyrde dei bytingen sa: «Å eg som æ så gamal som alle veit. Eg har sett Finnøy fonnen å tri gongur bronnen å oppattronnen; men aller har eg sett så stort ett fat med så lite mat å så store skeier.»

Det var fyrste gongen dei hadde høyrt han prata. Ei lita beite etter døde han.

Finnøy skal vera ein gamal gard som skal ha navnet sitt av at det ein gong er funne, heiter det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *