Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

 

Då Heilag-Olav kom til Gugarden

Til Gugarden i Vinje kom ein gong Olav den Heilage, han skulle reinske og legge ned gudehovet (ved Hovsåker). Han tok ein barbeina gjentunge i handa og dei gjekk oppover til ein stad som heller Åsletta. Da han kom dit opp, snudde han seg og såg ut over Haukeligrend, og da bad han at kristendomen måtte få råderom i desse fagre grender. Og der han stod, ser ein avtrykk etter føtene og skoa hans den dag i dag. Og ein ser fotmerkja etter den barbeina gjentungen. Ho skulle til ein gard som heitte Mykle; no heiter det Myklegard og er stule. — Det heiter at det låg att eit gudebilete der på Gugarden.

Ved hovet på Gugarden var ein bekk som renn der ennå, og vatnet i den bekken var namngjete og makalaust godt. Det var ein gamal mann som låg og skulde døy. «Er det noko du vil ha?» spurde dei. «Hent vatn fær meg or den gamle Gugards-bekken, så skal eg lepje som ein katt,» sa den gamle.

Det skal vera ei ækre der som htiter Aronsækre.

Da Olav den Heilage kom nord i Hovsdalen, blei han tyrst og grov i kanten på vegen, og da spruta det opp vatn, klårt og skirt og reint or grunnen. Det var heilagvatn, helsebot-vatn. Og der som denne Olavs-kjelda er, der er det aldri snø om vinteren, det held seg bart og tie stødt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *