Kildeinformasjon:
BokaInternt referansenummer:B-21.03.2013
Kilde:
HAURT NÅN SÅLLES
Av: Otto Sandhaug -Trønderhistorier
Rune Forlag, Trondheim 1968
Prenta i Bygdetrykk, Melhus
Teikningar: Leif Grav
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia

 

Da ordet «lavarot» kom i bruk…

 

Lornts Åsegg i Bjørnør, som hadde namnet frå Asegg i Steindalen, var gift med Lava frå Ystmark i Malm. Ho var ei uvanleg sterk og mota kvinne som ikkje kvidde seg for noko slags tungarbeid, noko som vel kom med mang ein gong, avdi mannen var heller veikhelsug.

Såleis var det ikkje noko nytt at ho køyrde ved og tømmer or skogen vinters dag, og dette kunne no vera ein heller sur jobb mang ein gong når vegen var lang og kjølda beisk.

Og ein dag ho var i langvegen i eit slikt ærend og fraus jammerleg, bitande kaldt som det var, kom ho til å hugse ho hadde høyrd snakk om, at ein kunne bråke seg varm, fekk ein foten over nakken når ein sat og hukrefraus slik. Difor la ho seg på sleden og sette igang med den øvinga. Og etter å ha bråka ei stund, fekk ho det til Og. Men da ho skulle få han attende, sa han tvert stopp. Foten hong i nakkegropa som han var krampaktig fastgjort der og rikka seg ikkje det minste.

Det vart ikkje annan utveg, ho måtte sjå til å komma seg heim og få hjelp. Og med mykje plunder, fekk ho da endeleg snudd hesten, så det bar i heimvegen. Og i dette påstyret kom Lava til gards, liknande meir ei avbakleg omtvinna trerot enn eit menneske.

Sidan den dag har alltid folk på dei traktene sagt når dei såg ei rot av eitkvart slaget som var meir enn vanleg omtvinna og krokut, at dette er ei Lava-rot det.

Denne Lava var forresten oldemor til diktaren Kristofer Uppdal, med di ho var mor til Jakob Lingen som igjen var far til Sivert Opdal, far til Kristofer, så ho skaffa ikkje berre eit nytt ord inn i daglegtalen, Lava Åsegg, men vart ei av grunnstøttone på spinnesida til sjølvaste «Kulten» og «Domkyrkjebyggaren» i bokheimen vår, og fortener å bli hugsa, ikkje minst av den grunn.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *