Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Dale Musikklag, Dale i Sunnfjord

Dale_Musikklag-Dale_i_Sunnfjord

Fotograf ukjent.
Trommeslagere frå venstre: Nicolay Jarstad, Ernst Keul.
Første rekke fra venstre:
Kr. Refsnes, dirigent, Jan Haugen, Johan Leseth, Johan Dale, Olaf Hovland, Monrad Lekeland, Leif Nyhagen, Herman Wessel Alisøy.
Andre rekke frå venstre: Alfred Refsnes, Oddleif Stenseth, Einar Sletteland, Jon Jorde, Alf Alisøy, Kåre Jensen.
Tredje rekke frå venstre: Andreas Hellebust, Jens Tvinnereim, Odd Pettersen, Atle Strand, Toralf Bergen.
Dale Musikklag vart skipa 4. mars 1934. Opptaket vart gjort av G. Stavøstrand som, med stønad frå andre musikk-interesserte i bygda, fekk musikklaget på fote. Stavøstrand vart første formannen i laget — og var elles aktiv musikar og instruktør. Han var den drivande graft fram til 1937, då han reiste frå Dale. I første styret elles var: J. Helland og Ø. Skarstein.

Øvingane har frå første dag vore haldne i Dale Ungdomslag sitt hus «Trudvang». Husleiga er sett til: gratis underholdning på den årlege marknaden til laget.

I åra fram til 1940 hadde ikkje laget nokon fast dirigent, utanom instruktørane G. Stavøstrand og Harald Fauske.

Oddleif Fagerheim vart så oppmoda om å ta dirigentplassen, og vart såleis første dirigenten i laget. Etter at han slutta i 1949, overtok Ø. Skarstein som hadde vore aktiv musikar frå starten av. Den nåverande dirigenten er Kristian Refsnes. Han tok over etter Skarstein som slutta i 1951. Refsnes var og med då musikklaget vart skipa.

Ved starten i 1934 talde musikklaget 12 lemer, og instrumenta var for det meste innkjøpte brukte. Medlemstalet har auka, og nye instrument vart kjøpte kvart år. I dag tel Dale Musikklag 25 aktive medlemer, og instrumenta er så godt som nye. Desse er laget sin eigedom.

Laget har hatt årlege marknader og ymse andre tilstellingar, der inntekta går til innkjøp av nye instrument. Siste haust var det dessutan skipa ein syklubb under namnet «Samklang» som arbeider i laget si interesse.

Dale Musikklag er tilslutta Sunnfjord Musikklag og hadde arrangementet av musikkstemna 1950.

Den nåverande formann er Oddleif Stenseth, med Kåre Jensen og Toralf Bergene som styrelemer.

Musikklaget er ofte nytta ved stemner og tilstellingar elles, og har i alle år leida folketoga 1. og 17. mai.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *