Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Drastisk nedgang i sauetapet…

Syn-for-gudar-side-0065

Illustrert av Herbjørn Skogstad.

Mykje sau og lam kjem bort på fjellbeite om sommaren, og reven får skulda for det meste. Likningsoppgåvene vitnar om mykje sauedreping.

Men ein gong kom ein mann i Førde til likningskontoret med næringsoppgåva si.

Likningssjefen såg raskt igjennom oppgåva og merka seg at det ikkje var nemnt sauetap i det heile. Dette sa han til mannen.

– Du har vore heldig med sauene i år sa han.

– Ja, svara mannen. Etter at vi fekk subsidiar på sauekjøtet, så vil ikkje reven ha det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *