Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1968 side 81
Skriftstyrar: P. Jæger-Leirvik
Av lektor Jorleif Johnsen

Engelske sportsfiskarar i Søråa, Høylandet.

I Årbok for Nord-Trøndelag Historielagh for 1942 hadde Martin Bjerken ein artikkel om ”Laksefisket i Namdalen”. Han nemner der dei første engelskmennene som kom til Søråa. Eg har prøvd å finne nokre fleire.

Det vart noko snart slik at ein av engelskmennene kjøpte fiskeretten i elva på ein strekning frå Råfossen til Grongstadvatnet. Somme kjøpte også fiskeretten i Eide. Dette kjøpet, eller paktinga om vi vil, var da å rekna som sjefen. Han leigde hus. Det var stort sett enten på ein av Mørkved-gardane eller hos Iver C. Romstad.

Sjefen hadde så eigne hushald, og tok ”paying guests”, gjestar som fiska. Dei gjekk til dekka bord hos sjefen, som så hadde oppgjøret med valdeigarane, kjøpte inn til hushaldet og betalte tenarane.

Den første engelskmannen som prøvde Søråa var (etter det Martin Bjerken fortel) ein Mr. Johnstone. Det var i 1883.

Året etter var Mr. Arkwright der ein tur. Etter det Karl K. Mørkved og Knut Mørkved fortalde meg, var ikkje første turen så vellukka, men i 1885 var han der på ny, og da fiska han godt. Det er rimeleg at han var der seinare og. Han vart i kvart fall så godt kjent med Karl K. Mørkved, at han vart med Arkwright på reinsdyrjakt i Jotunheimen.

Frå 1885 til 1890 var sjefen general sir Daniel Lysons (vart kalla Løysen)

I Whitackers Almanack for 1877 er general Lysons oppførd som ”Knight of Bath order”: Han hadde deltatt i Krimkrigen.

General Lysons hadde som gjestar generalane White, Willies og Baidesis, som alle fiska etter evne.

1890 – 1895 ser det ikkje ut til at elva har vore seld for nokon lenger periode. Men det var engelskmenn der kvart år. I 1892 og 1893 var Hugh Hole der. Han var ellers den trafikerte bygda på ”rappfot” (velociped). Hos Lorents Mørkved Romstad finst det enno eit brev frå Hugh Hole til Iver C. Romstad, dagsett 19. februar 1892. Der seier Hole at han har skrive til Johannes Kjøglum og gitt bud på fiskeretten ”på den Fjerding mil ned Broen”. Det skulle i alle fall tyde på at elva ikke var seld på fleire år.

Elles var ein Mr. Parson på Romstad både i 1892 og 1893. Han er mest kjent fordi han saman med Ole Andersen Råum skaut ein bjørn i Alsåsmarka.

1895 – 1900 kjøpte så Mr. Streatfield elva. Han hadde med to voksne born, Cyrril og Evelyn. Mellom dei mange gjestar var Mr. Lermitte, Mr. Graham, Mr. Bradford med frue og to voksne born og Mr. Mawriani.

1901 – 1904 var Mr. Christie sjef. Han hadde med seg ei søster, Miss Christie. Gjestar hos han var m.a. Mr. Djusty og Mr. Duisberry.

1904 – 1913 vart det captain David Anderson som kjøpte elva. Anderson var skotte, dreiv også småviltjakt og elgjakt. Han var dessutan noko av ein kunstmålar. På engelsk vis var det særleg akkvarellar han laga. Mellom gjestane var general lord Methuen, kjent frå Boerkrigen, den som merkast mest som ein verkeleg orginal herremann. Vidare: Mr. Mitchel Ines med frue og to born, Mr. Brackenberry, Mr. Bleese og frue og to sønner, Dr. Martin og Mr. Croose.

Dette var dei som det har lukkast meg å få greie på.

Utanom dei kjelder som eg har nemnt, har eg opplysningar frå mor – Maren Johnsen. Saman med Johanna og Magnus Haugum var ho i 12 somrar i ”engelskkjøkenet”.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *