Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Etter den gamle gjerda

Eg er fødd i 1877. Da eg var 17 ½ år kom eg som budeie til Sørgarden Narum (S. Land). Det var bare gamle der den gongen. Dei var tre ugifte søsken. Ho Berte var den som hadde mest å seie, så var det søstera og ein bror.

Årslønna var 20 kroner i pengar. Så skulle eg ha ein verkenskjole og 14 alner lerret, 2 merker ull og tre par sko. To av para var lerstøvlar, det tredje paret var skinnsko.

Dei hadde så mange rare gjerder dei gamle der i Sørgarden. Og ho Berte gikk over meg og såg etter alt.

Om vinteren fikk vi ikkje bere ei bøtte varmt vatn åt fjøset minder vi føreåt hadde vori åt peisen med bøtta og strøydd ein neve oske oppi. Før kua kalva, krossa ho Berte henne med tjære både over ryggen og mellom pattane på jura. Når så kua hadde kalva, var det same gjerda. Ho Berte kom med tjærekoppen og gjorde krossmerke med stikka på dei same stelle på kua.

Vi fikk ikkje bere ut råmjølk til avkjøling før vi hadde svinga koppen over varmen og hatt ei lita varmegryn oppi.

Om våren når kua skulle i hamn første dagen, var ho Berte frame att med tjærekoppen. Så fór ho og gjorde kross slik eg før har tala om. Dessutan skulle kua stige over jern første dagen ho kom ut. Dei la ein skjerding etter dørstokken, og over døra på innsida var sett ein kniv. I veggen ute var hogd ei øks.

Ho Berte sette sjølv bjølle på kua. Men før bjølla kom på, var ho Berte og smurte feitt inni bjølla, så dusta ho salt i etterpå.

Kva slikt skulle gjøre godt for.

Ja, ho Berte hadde så mange gjerder. Når ho vov ned ein vev, laut dei som var i stua pelle seg ut. Ho ville ikkje ha noen inne da. Sørom gamlefjøset var liggande ei stor steinrøys.

Da han Gudbrand tok over garden, sa ho Berte: «Du må itte ta unna røysa, helles vil nuggun på garn bli sjuk.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *