Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Finnkallen som gjorde åt med seg

Eit båtlag frå Meløya rodde på Nord-Honningsvåg. So var det ein kveld dei skulde ut i havbrynet og setja linebruk; det var endå ein sundagskveld, dette. Men no var dei ikkje nok manna, for ein i dette rolaget var vorten klein. Høvesmannen kvista då rundt i været, og kom baker med ein finn. Og so bar det ut.

Dentid dei hadde rott eit tak, tok dei seg eit lite kvilan. Alt medan sa finnen: «Få e løvv å ha ut småkreturann mine?» Ja, det laut han få, sa høvesmannen. Han trudde finnen vilde ranga kofta, han, ser du. Men kallen for med handa innpå barmen og kom halande baker med ein skinnpose. Løyste so på bandet; og ut or posen kom det kryande ein heil svarm med små, svarte flugor. Desse gav seg no til kvesa rundt i tull på tofta.

Då det leid av ei økt, varsla høvesmannen, at dei skulde til att å ro. Finnen var då snar å knakk med fingeren i tofta; og so krau flugone baker i posen, kvar ei og ei. Men just i det han skulde træ posen på barmen, var ein av mannskapet og skunsa til handa åt finnen, so posen dreiv i havet. Og her vart det spel! Finnen gjorde seg rebelsk og vilde med all makt etter. Dei fekk då leggja seg over han. Og slik låg dei og heldt han, til dess han var heilt a’tevra, og vart liggjande som i ein lummer. Karane kjende seg no trygg, og tok årane. Dette var det nok finnen hadde rekna ut. Og før nokon fekk sukk for seg, spratt han upp og for som ein fugl over båtripa. Og burte var han (Honningsvåg).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *