Kildeinformasjon:
BokaInternt referansenummer:B-21.03.2013
Kilde:
HAURT NÅN SÅLLES
Av: Otto Sandhaug -Trønderhistorier
Rune Forlag, Trondheim 1968
Prenta i Bygdetrykk, Melhus
Teikningar: Leif Grav
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia

 

 

 

«Flatangersvensken» som arbeidet i Malm…

Den tida det var mest svenskar i Malm, etter at det hadde bore til med gruvedrift der, var det ikkje uvanleg å høyre at ein og annan av trøndersk herkomst òg la seg til svensk sleng i språket — venteleg avdi dei tykte det let flottare og gav ein eit meir vakse preg av renhårig slusk «førstås». —

Det må og seiast dei hadde godt nok høve til det, for alt gjekk liksom på svensk. Svensk var dei som styrte, svensk var basane, og svenskar reiste det og kom det fort vekk, så ein lærevillig ein hadde da miljø nok både i arbeidstid og fritid til å legge om eit grand i målvegen, og særleg var det ein kar frå Flatanger som hadde vorte utruleg flink til å «språka på svenska sættet». —

Så var det ein dag etter at det hadde kome ein ny rallare til gruva igjen, han gjekk omkring og helsa på kompisane sine og fekk i den samanhengen auga på denne karen og som stod i prat med nokre andre — og kom visst da i tankar om at «hær var røsligt monga svenskgubb førsamlade».

For han snudde seg til kompisen sin og sa:

Va fals, dær ær ju og nog ein svenskdjævul!

Da svara den andre:

Næ hæ, før al del, inta ær han nogon svenske inta, annar der ær en sån dær Flatangersvenske, førstås!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *