Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Ein godversdag i Brekke…

Ein godversdag i Brekke er ikkje snytt av nasa. Brekke har landsrekord i nedbør. Godversdagane må difor nyttast mest mogeleg til utearbeid og bøndene er nøytne med dette, serleg når det gjeld utearbeid om sommaren.

Ein bonde i Brekke sat i kommunestyret og det var innkalla til møte ein dag ved jonsoktider. Men så trefte det så keiveleg at det var sol og Torstein valde å prioritere høyet framfor kommunen ein slik dag.

På møtet vart det spørsmål om Torstein og det vart då opplyst at:

– Torstein måtte vere heime og arbeide med høyet, for når Torstein er på kommunestyremøte, gjer ikkje gutane hans noko heller.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *