Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Harde personangrep i Fjaler kommunestyre…

Ein representant i Fjaler kommunestyre var litt av ein brølar. I kommunestyret var han stor i kjeften, og dette kunne gå ut over folk som var meir smålåtne i framferd. Før konfirmasjonen hadde denne brølaren hatt eit altfor nært forhold til ei jente i same alder. Dei vart begge nekta konfirmasjon og måtte gå for presten eit år til.

Denne mannen og Bjordal var særs usamde i ei vegsak og ingen ville gje seg. Bjørdal tok fram mange argument som talde for hans syn, men motparten meinte at det som Bjørdal fôr med var berre noko tull. Han for sin del kunne ikkje i det heile teke skjønne kva Bjørdal meinte.

Bjørdal svara at han fykte han hadde lagt fram sitt syn på ein sakleg måte

– so at også du, som bare har gått to år for presten skulde skjyne det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *