Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Ikkje Førdeyngel…

Ei tid trudde ein at fisket i Jølstravatnet kunne bli betre ved å setje ut yngel i vatnet.

Også kommunestyret dryfta spørsmålet, og diskusjonen gjekk høgt om auren i det heile kunne formeire seg i det stille vatnet, eller om han måtte ha strøymande vatn for at rogna kunne bli utklekt.

I Førde var det klekkeri for aureyngel, og det var nokon som meinte at ein burde få yngel derifrå og setje ut i Jølstravatnet. Då kom det fast og avgjerande frå ordførar Helgheim:

– Ikkje Førdeyngel takk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *