Kilde
http://www.kkul.no/kkul/lokal_historie/tavla/meny_uptekningar.htm
Av Hjørdis Otneim

Fredrik Andersen Ervik

 
Av dei menneska som finst omtalt i tingbøkene frå denne perioden, har eg valt ut ein mann som levde i Nordfjord første delen av 1600-talet og som de her skal få lære å kjenne.  Han hadde bak seg eit temmeleg turbulent liv då vi møter han namnet hans var Fredrik Andersen Ervik.

Den 25. november 1643 vart det halde stemnestue i Ytterdavik.  Stemnestue kalla ein inn til når det kom opp saker som ikkje kunne vente til førstkommande tingsamling.  Den saka som skulle avgjerast – skjebna til Fredrik Andersen Ervik – vart sett på som så alvorleg at det denne gongen var innkalla 12 lagrettemenn frå Davik skipreide.  Vanlegvis var det seks lagrettemenn til stades når det vart halde stemnestue.
 
I tillegg var fogden Peder Laurizen til stades, og sorenskrivar Iver Anckersen førde pennen.  Det er broren, Oluff Andersen, som stemnde ”Frederich Andersen som er fød her vdj Dauigen sogn paa en Jord kaldet Euigen” Oluff Andersen anklaga Fredrik for at han sommaren før skulle ha slått han med ein staur, og at han kvar natt sov med ein lang tollekniv på seg.  Når det kom framande til garden, drog han til fjells.  Oluff var redd for livet sitt – ”och iche weed naar hand for hannom haffuer sitt liff eller iche”.
 
Deretter tok fogden til å spørje om fortida til Fredrik Andersen som på denne tida var ein gamal mann.  Han spurde han om noko som hadde skjedd i Christen Søffrensens tid som fogd, og då Oluff Olsen Innderdavik var lensmann.  Dei to fungerte som øvrigheitspersonar i skipreidet heilt først på 1600-talet.   
 
Fogden spurde han så om det ikkje var slik at Fredrik den gongen hadde vorte arrestert og at han hadde brote seg ut av fengslet og rømt sin veg.  Jau, Fredrik Andersen vedgjekk dette og fortalde at han hadde vorte fengsla ”formedelst en thøs wed nauffen Gertrud Pedersdatter vdj Eruigen” som han hadde hatt eit forhold til, og som han var tremenning med.  Dette var eit alvorleg lovbrot på den tida.  I tillegg hadde han stole om lag eit halvt pund med korn som han hadde skore på Jacob Ervik sin åker.
 
Om den dramatiske bortrømminga frå fengslet fortalde Anders Hansen i Innerdavik (seinare lensmann) at han og Oluff Josefsen som då begge var unge, skulle vakte på Fredrik Andersen der han sat innelåst på røykstova på lensmannsgarden i Innerdavik.  Lensmanns-ungane sov i same stova der dei var dei to som heldt vakt, vert det fortalt.  Difor kunne lensmannsdottera Marette Oelsdatter på Dombestein sverje sin eid på at dette som Anders Hansen fortalde, var sant.
 
Fredrik Andersen sat fange der i røykstova med handjern (handknuffuer) på.  Likevel greidde han å sprenge seg gjennom tre dører, den første tilbunden med eit snøre som han skar av, den andre med eit stenge for, og den tredje med ei haspe på utsida.  Og ingen kunne forstå korleis han hadde makta å få av seg handjerna.
 
Fredrik Andersen fortalde sjølv vidare at han deretter stal ein båt og forsøkte å rømme, men vart igjen teken til fange og sendt til slottet, til Bergenhus, der Laurits Kruse sat som slottsherre.
Der arbeidde han den sommaren.  Om hausten reiste Laurits Kruse til Danmark, og Gyde Pedersens kone, Kjersti, gav han eit godt skussmål og let han dra der ifrå.  Etter det drog han attende til Nordfjord og tente Herr Jens Lesemester i to år.
 
Fogden spurde han så vidare om det ikkje var slik at han på den tida, etter at han hadde kome attende til Nordfjord, hadde skore Oluff Steffensen i Lia i handa med ein kniv.  Fredrik Andersen vedgjekk dette også, og sa at han både for dette og tidlegare forhold måtte rømme til Sunnmøre.  Det kom fram at Fredrik ikkje hadde betalt bøter for alle sine lovbrot.  Den einaste straffa han hadde fått, var den tida han var fange på slottet i Bergen.
 
Etter at fogden hadde forhøyrt seg om kva arv Fredrik hadde rett på, kom han med forslag om Fredrik ”iche bør at misste sitt liff”, og at alt han eigde skulle tilfalle kongen.  Men dei tolv lagrettemennene som skulle døme i saka, syntes dette har gått vel fort, ”saa dj med en Jil och hast iche retteligen kunde wiide huad dj herudj eigentlich schulde kunde kiende och dømme”.  Det endar med at dei bed om utsettelse med domsavgjerda til komande saketing.
 
Det var det ikkje så lenge til, for allereie den 21. desember same året var det saketing på Endal.  Alle lagrettemennene frå stemnestua den 25. november, så nær som ein, var til
stades.  Dessutan var der nokre fleire i tillegg til dei som var der sist, slik at dei var 19 lagrettemenn samla, med Elland Nore, den dåverande bondelensmannen, også til stades. 
 
No tok det ikkje lange stunda før det vart ei avgjerd.  Lagrettemennenen sa seg samde i at all eigedom som tilhøyrde Fredrik Andersen, skulle tilfalle kongen.  Men nokon dødsdom gjekk dei ikkje med  på, og fogden måtte gje seg på det:  ”daa for Guds, och mange gott folches forbøns schyld, affstoed Fougden och iche wilde hende domb offuer forne Frederich Andersen for hans store alderdombs schyld”.
 
Men det tillegget hadde denne ”milde” domen over den aldrande Fredrik, at dersom han ikkje var ute av fogderiet ”inden trende Solemerche” då skulle han uten all nåde ”straffes paa sin hals”, det vil seie at han skulle halshoggast.
 
Noko meir fortel ikkje tingbøkene om Fredrik Andersen Ervik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *