Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Frosta hornmusikklag, Frosta

Frosta_Hornmusikk-Frosta
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: R. Tingstad, T. Johnsen, L. Stene, F. Bakke, H. Balsvik, S. Helland, E. Mdsø, Ø. Rygg, H. Moholt, L. Kjørsvik, A. Vold, og O. Brevik.
Annen rekke fra venstre: K. Nordstad, Kj. Moholt, J. Moksnes, Alf Mostad, Ola Nygdrd, L. Flægstad, Erling Mostad, H. Moe, O. Leinslie, H. Rokseth og N. Nygård.
Tredje rekke fra venstre: A. Haugan, J. øren, J. Austeng, K. Nordstad, A. Loktu, K. Dahlstrøsn, A. Haugan, O. M. Lian, A. Nilsen, J. Helland, H. Aunan og I. Mostad.

Opptaket til det første musikklaget i bygda ble gjort av Lornts Krog. Han kjøpte 6 messinginstrumenter i 1888. Dei som kom med i sekstetten var: Johan Krog, Ola Nygård, S. Tingstad, Trygve Krog, Ant. Bugten og S. Stokket. Den første tida heldt laget til hos Lornts Krog, med øvingane sine. Nils Krogstad frå Skogn var den første instruktør, Jon Olsen, Trondheim, overtok sidan lederstillinga.

Sekstetten arbeidde under gode forhold fram til århundreskiftet. Den spela på den første olsokkfesten i Trondheim og på stemna i Inn-Trøndelag Ungdomssamlag, som ble halden på øvre Hernes i 1895.

I 1906 overtok desse instrumenta: Harald og Arne Nygård, Ant. Kleven, Lars Mostad, Johan Valberg og Olaf Mostad, etter ei tid kom Jon og Karl Nordstad med. Ellest har desse vore med stuttare eller lengre tid: Jon Valberg, Alf Mostad, Isak Mostad, Norm. og Oddm. Nygård, Johan og Petter Hernes, O. Galtvik, Johs. Svean og K. Moholt.

Etter den første verdskrigen var det to sekstetter i gang, ein eldre og ein yngre (gutar). Forutan some som alt er nemnt, kjem desse med i arbeidet: Ottar og Helge Nygård, Ragnar Haugan, Erling Mostad, Sv. Johnsen, Ivar Mostad, B. Hernes og Erling Svean.

Det laget som i dag heiter Frosta Hornmusikklag reknar ein for direkte framhald av den blåsemusikken som ble starta i 90 åra. Gjenom så mange år vil det sjølvsagt melde seg både opp og nedgangstider, slik har det vore i dette laget og.

Frå 1950 har medlemstalet auka jamnt, det er no 35 aktive. Interessen er sers god og dei musikalske prestasjonane har gått mykje fram dei siste åra, takket vera musikkinstruktør, løytnant Alf Mostad og brorsonen hans, musikkløytnant Erling Mostad. Begge har lagt ned mykje verdfullt arbeid i laget, både med opplæring og instruksjon.

Dei tri siste åra har laget havd øvingsromet sitt hos formannen.

Styret no: Lars Flægstad, formann, Kasper Dahl-strøm og Håkon Rokseth.

I 1953 ble Frosta Hornmusikklags dameforening skipa.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *