Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1961 side 65
Skriftstyrar: P.Jæger-Leirvik

Ganning i Kolvereid

Sari heitte ein same som høyrde heime i Kolvereid, os som på sine gamle dagar budde ved Grinna, der hann døyde for kring 50 år sidan, over 90 år gamal. Dei meinte at han kunne ganna. Det var ein som spurde Sari om det og.

–    ”Ja”, svara’n, ”med de e synn”.

Det går likevel segner om at han ganna.

Ein gong etter at han Sari kom til Grinna, vart det så urimelig med mus på låven, der ho gjekk laus på nokre kornsekkar som stod der. Kona på garden ville at dei skulle få dette kornet på kverna før musa åt det opp. Da sa’n Sari:

–    ”Å, musa gi seg vel”.

Etter den tid rørde ho ikkje kornsekkene. Men ein soplime som låg på låven, åt musa opp.

Ein gong kom Sari til ein gard i Nærøy og bad om å få litt mjølk.

–    ”Nei”, sa kjerringa på garden, ”vi har inga mjølk”.
–    ”Å, det bli vel mjølk”, sa’n Sari, og gjekk.

DA han vel var komen bort frå husa, datt det ned ei mjølkehylle under loftet, der det stod mjølk i traug og bunkor, så det var berre så det flaut utover golvet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *