Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Gjenomskua av likningssjefen…

Ein skattytar i Førde kom til likningssjefen og bad om hjelp til å fylle ut likningspapira. Mannen hadde eit småbruk og det skulle fyllast ut næringsoppgåve.

Jau, likningssjefen var sjølvsagt med på dette, og han frette mannen ut om inntektene. Og det gjekk greitt. Han fekk klår beskjed både om slakt og mjølk og ull og det heile. Det var ikkje så store tal akkurat, men likningssjefen kjende tilhøva og var vel nøgd med det han fekk.

Men så var det utgiftene? Nei, det hadde ikkje mannen hatt. Jau, du må no ha hatt utgifter, meinte likningsjefen.

– Du har ikkje hest, ser eg, men du har vel hatt utgifter til ljå og rive og børatrog og slikt. Ei greip eller eit grev kanskje?

Nei, mannen hadde ikkje kjøpt nokon ting.

Likningssjefen tykte det var leitt at mannen ikkje hadde utgifter, men han måtte berre gje seg.

Etterpå gjekk mannen fil butikken. Der møtte han kjenningar og han fortalde om samtalen med likningssjefen.

– Han var veldig grei å byrje med, så lenge vi snakka om det eg har seldt. Men så vart han heilt umogleg. Han skulle absolutt ha greie på det eg hadde kjøpt. Men eg gjenomskua han. Han var ute og skulle ha tak i formuen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *