Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Han Tore Olsen skulle ha Svarteboka…

Trolldom

Han Tore Olsen

(Fraa Svene)

Han døm kælla Tore Olsen skulle ha Svarteboka aa va trøllmann. Han va hær fraa Kongsberg. Men saa ville ‘n ha ei dra’daakke, aa denn kunne ‘n inkje faa mæ den Svarteboka aa lærdommen ‘n hadde. Saa gjikk ‘n te enn, som va noko høgære lært, aa han sa, at ‘n skulle gaa te ei kjørkje aa pikke paa dynna tri torsda’skvællær etter innan ve tøllstimen. Han saa gjore, gjikk te gamle Fiskom kjørkje aa pikka paa dynna. Men fysste torsda’skvæln da hørte ‘n ingenting. Andre torsda’skvæln hørte ‘n ett fælt brak aa enn dur. Trea kvæln kom ‘n att, aa da ‘n hadde pikka paa dynna, saa gjikk ‘o opp, aa han gjikk. Da kom dæ imot ‘n enn mann i full prestedrakt mæ ei bok unner ærmen aa spurte haa ‘n ville. Jau han ville da faa ei dra’daakke. Ja dæ skulle ‘n faa, sa denna presten, men da maatte ‘n skjera sei i høgre veslefingen aa skrive namne sitt mæ blo i boka hass. Dæ hadde ‘n Tore inkje haug te an haapa unna aa ville utatt. Da vart denna presten stri aa ville ha ‘n te skrive, aa dæ kom saa fullt ikring’n, at døm va færie te rive ‘n sunn. Da vart ‘n Tore rædd aa tok te lesa or Svarteboka aa fekk bønne att detta tyrase aa kom dær ifraa.

Dæ budde enn mann i Søre Ullann, som døm hølle fær kunne trølle, aa saa va ‘n slik enn raskekjuv i garænn. Han hadde ingen hest, men ‘n hadde faatt kjørt inn ei milo paa Dammyraasen. Dæ hadde ‘n gjort om natta mæ hestænn fraa Nor-Ullann, dær ‘n bestefar budde. ‘N undras ennda saa ‘n bestefar, hoss’n dæ kunne ha sei, at hestænn va saa svette enn maaraa, døm hadde gaatt paa hoa paa gjore. Sea fekk ‘n greie paa dæ.

Denna Ullannmann hadde gaatt aa sagt, at dæ snart skulle koma ett lik a Skaugen. Saa vart ‘n bestefar klein, dæ ‘n pissa va liksom bloblanna, aa ‘n trudde grannen hass hadde vøri ute mæ no spikk. Da kom ‘n Tore Olsen. Han va naa som enn gjest i huse, aa dæm færtalte hoss’n dæ va mæ ‘n bestefar.

”Ta denne drammen,” sa ‘n Tore, aa han dæ gjore, aa bra vart ‘n.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *