Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”


sogne-stubbar_-_side_022

Handelsmannen

I Hyllestad var det ein ung mann som hadde ei slik forterande lyst til å verta handelsmann.

Diverre hadde han lite kunnskapar til dette, og det som endå verre var, han mangla driftskapital.

Det var ei gjente i bygda som hadde nokre pengar. Her såg han løysinga jamvel om gjenta var noko til års, og brudlaup vart feira.

Det hadde ikkje gått så lang tid før mannen hadde handla bort pengane. Det einaste han nå sat att med, var ei gamal kjerring.

Henne ville han nå gjerne kvitta seg med. Korleis det skulle skje, var likevel ikkje heilt klårt for han. Han sette seg difor ned og skreiv ein søknad til heradstyret og ba dei ordna med skilsmisse. Han skreiv like så klundrut som han hadde handla.

I soknaden som var prøvd skriven på stivt bokmål (han var då handelsmann!) sto det såleis mellom anna:

«Jeg ønsker nu at blive skilt fra min kone, da hun er gammel og foroverbøiet så jeg ikke lenger er tjent med henne.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *