Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Haugetussgjenta

Trolldom

(Fra Vegglid)

Eg var her uppi Hagan og kvista upp noko ved for mange aar sea, hadde endaa med meg ei bikkje. Som eg stod der og arbeidde med detta, so fekk og høyre det snakka. Eg saag upp, og daa fekk eg sjaa eit menneskje paa storleik som ein ti-tolv aars gjentunge, og det skoltes som ho hadde blaagran klær. Ho gjekk endaa over ei glenne ende ovanfyre meg, so eg saag ho so væl. Eg lura paa detta og flaug uppover vilde sjaa, for og totte det var rart, at det var folk der daa. Men eg saag no inginting. Bikkja flaug med og snusa, men ikkje let i seg, og det hadde ho no gjort, hadde det vori rektig folk.

*     *     *

Nei, eg trur no det er noko med detta, dei tala so mykje um fyrr med underjordiske. Det stend no beskrivi med, det. Det stend at dei skal bøygje kne for herren baade dei som er over jorden og dei som er under jorden.

Og det heitest no det med, at dei underjordiske var dei fysste menneskja, som Gud skapte; men so sette dei seg upp i mot ‘n, og so støytte han dei ned i berg og dalar.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *