Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Husdyri

Sjuke dyr


Karen Torgjusdotter Åros (d. 1872, 87 år gl.) hadde ei ku som var så sjok at ho ikkje vilde eta.
So gjekk Karen til tri av grannekjerringane og sa korleis det stod til, og bad dei vilde hjelpa
henne. Eit bil etter gjekk ho til dei att, og då hadde kvar av dei ein Iiten høybundel ferdig. Ingen
av dei tab, eit ord då ho kom andre gongen, for då nytta det ikkje. Ho berre snudde ryggen til og
heldt ut handi attum seg, so stakk dei høyet i handi hennar, og ho nytta høyet til lækjeråd for den
sjuke kui. Det var umlag 1830.
(Ola Jørgenson Åros 1823 – 1917)

Jakob Try (f. 1830) hadde ei ku som vart lami i ryggen. So gjekk dei til kyrkja etter ei salmebok som hadde lege der eit bil. Den la dei på ryggen på kui, og so stod ein attmed sida med ryggen til, og slog bakyver seg med eit lakav, medan salmeboki låg på kui.
Forteljaren visste ikkje um det hadde hjelpt.
(Gurine Kimestad)

Der var ei ku i Hellesund som mjølka blod. Der låg ei finnskuta i sundet, og so vende folki seg
til finnane og bad um råd. Der var ein av mannskapet som gjekk med og såg på kui.

Det er ei grannekjerring som hev sett sjukdomen på henne, sa han. Ho hev nysst vore her og
bede um mjølk og ikkje fenge, og so hev ho hemnt seg på denne måten. Men kui skal snart verta
god att, sa han.

Dei kom i hug at kjerringi til Per i Ramshola hadde vore der og vilja havt mjølk, men dei
hadde ikkje havt noko å vera av med, og so hadde dei fenge det att på denne måten.
(Ola Jørgenson Åros 1823 – 1917)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *