Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1965 side 5
Skriftstyrar: P. Jæger-Leirvik

Husråd mot sjukdom på krøtter.

Når ei ku ”mista Ørta”.

Ein eldre mann, som er fødd i Stod, fortel:

Frå heimkanten min hugsar eg at det trefte inn at einkvan kua i buskapen ikkj fekk til, eller med andre ord, slutta heilt med drøvtygginga. Gamlekarane sa da:

–    ”No hi a – Olevang – mesta ørta si.”

Så var det å sende bud etter ei kjerring, som vart vant i slike høve, om ho vilde koma og få det i sving att. Jau, kjerringa kom ho. Korleis ho bar seg åt? Jau, ho stakk eine handa gjennom kjeften og ned i vomma åt ei frisk ku. Derifrå tok ho opp ein neve med mat som ho deretter slepte inn i dyret som var kleint.

Eg såg på dette ein gong for noko nær 65 år sidan, og eg veit ikkje anna enn at drøvtygginga hos kleinkua tok seg opp att.

Frå Overhalla har eg høyrt fortald at det i slike høve vart teke ørt frå ein sau og havt inn i ku som hadde trong til det. Det vart sagt at sauen tålde betre å gi frå seg noko av mageinnhaldet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *