Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Indre-sogning – Ytre-sogning

Mellom ytre-sogningar og indre-sogningar har det ned gjennom tidene vore litt småerting.
Kva dette kjem av, er ikkje så godt å seia, kan henda har det si årsak i at indre-sogningane helst held seg til garden, frukta og er meir stadbundne, medan det for ytre-sogningane helst har vorte fiske, skipsfart og anna lønsarbeid utafor bygda.

Hertil kjem at folk frå Indre-Sogn snakkar meir breitt. Dette kan og ha si årsak i at bygdene der, bortsett då frå Lærdal ligg meir avstengde.

Dette får vera som det vera vil. Eitt er iallfall sikkert at erting har funne stad utan at det har lege noko vondt bak det, men dei har aldri latt eit høve gå frå seg når det galdt å erta.

Her skal nemnas to stubbar som døme på dette:

To ytre-sogningar vitja for mange år sidan Oslo. Om kvelden hadde dei slått seg ned på ein benk i Studenterlunden for å sjå på livet.

Dei vart brått merksame på to karar som sat på ,ein benk like ved og prata. Desse to var nokså høgrøysta og ihuga. Dei to ytre-sogningane kunne ikkje oppfatta orda, men så mykje skjøna dei at dei andre og måtte vera vestfrå.

Då ytre-sogningane hadde høyrt og sett på desse ei stund, sa den eine så høgt at det kunne høyrast over på den andre benken:

«Han som arbeidar mest med hendene er sikkert frå Indre-Sogn.»
«Kvifor trur du det?» spurde den andre.
«Jau, du ser vel kor breidt han snakkar.»

Det vart stilt på den andre benken!

*     *     *

sogne-stubbar_-_054

Indre-sogningane var likevel ikkje borte dei heller når det gjaldt å erta ytre-sogningane. Såleis hadde eingong ein mann frå Lærdal bytt poteter mot torsk med ein mann fra Ytre-Sogn.

Lærdølen sendte då tida var inne potetene, men fekk til si store forferding salta brosme istadenfor torsk. Fisk hadde lærdølen bruk for, og då båtsambandet den gongen ikkje var så godt som nå, fann han etter mogen ettertanke at han heller fekk behalda den. Betre å ha noko, enn å venta uvisst i lang tid, og kan henda ikkje få noko betre heller.

Men døy i synda skulle likevel ikkje ytre-sogningen!

Lærdølen sette seg ned og skreiv om handelen. Særleg det om avtala om torsken som ikkje kom. «For», skreiv han, «to(r)sk har eg ikkje sett sidan du sist var her i Lærdal.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *