Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Jorunn Storgaard

Paa Litslaasheim i Selgjord hjaa gamle Hallvor og Margit var det so fæl uslaatt paa krøteri eit aar. Alle kyrne mjølka blod, og attmed rovebeine saag det ut som einkvar hadde rispa og flengt dei med ein kniv, og dei var kje anna enn saar og flengjur yvi heile kroppen, og det hissa seg upp og verkte til vaags, ruvune vart au avskorne, so det var reint grøteleg aa sjaa.

Um vetteren var Hallvor paa Kongsberg-marknaden. Daa reiste han inn til den vise fenta og spurde, um ho kunde vita raad for kyrne hans, han fortalde so væl korleis det ha seg. Fenta tagde og stirde paa honom. So segjer ho:

«Det er avon og vonde augur som plagar kyrne dine, og avon er verre enn trolldom, segjer Salomon,» sa ho. «Vil du eg skal syne deg det menneskje, som hev avon paa kyrne dine?» sa ho.

Jau, Hallvor tottest moro i det. So tok fenta eit brennvinsglas med vatn, riste paa det og mulla noko. So heldt ho det fram fyre Hallvor.

«Kjenner du den?» sa ho.

«Jou dæ æ raa te dæ,» sa Hallvor. «Detta æ grannekjeringji mi, Joraann Storgaar, som heve henta mjaak uppe sjaa konn i vet,» sa han.

«Vil du eg skal merkje ho?» sa fenta.

«Aa nei, sa Hallvor.

«Eg skal berre stikke ho litt i eine augae med ei naal, so skal ho bera kjennemerkje all sin
dag,» sa ho.

«Aa eg vi a hell lata dæ fara ennaa; ho fær væl eigong svara fe dæ sjov,» sa Hallvor, og so vart det kje meir av.

Men Jorunn hadde visst fengi ein nyss um, kva Hallvor hadde høyrt og sett paa Kongsberg og teki felske, for kyrne besna etter den tid.

*     *     *

Jorunn var eit hestebest som inginting var redd. So var det eigong at nokre spissburar hadde lagt yvi og vilde skræme henne.

Det var seint ein haustkveld, dei visste um at Jorunn gjekk til fjase og lyddest til kyri si, som var daglaus. So stelde dei til eit avskræmeleg stort kvende av gamle filleklæde, hekta isaman fire-fem stakkar, festa denna fugguren paa ei lang raate, og la seg attanfyre ei røys i tune. Daa dei so saag Jorunn koma ut dynni, so fôr dei til høgne paa fugguren litt i senn. Jorunn tøvra litt og stirde paa detta, og kvende høgna seg og vart vidare og fælar. Men Jorunn sveisa forbi, ho, like radt.

«Bli du høgar aa helgar, du daa, din falne du æ,» sa ho og skjegla attum seg.

Daa fann ikkje gapane det brye verd aa liggje der lenger.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *