Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Juttulla

Langli-kallen

Langli-kallen heldt på i sju julnet ette ra å gjor se ski på stavvara (1). Dem skull ikkje takast tå stubba før dem vart ferdig. Å ikkje skull 'n arbei på dem anna hell di sju julneten ette ra. Da vart dem slik at dem gikk like snart både unna å mot bakkå. Det skull varra omtrent det sommå det.

Da Langli-kallen den sjuan julkvelden ha fått dem ferdig, så vart 'n rådd på å sjå bort åt bergtrolla i Hifjella (2). Så gikk 'n bort åt fjella å banka på åt 'nå å spore om 'n ha julskjenkt åt 'nå. Å så kom 'n med eit beger med skjenk i. Å det va vel sterkt slag.

Så tok 'n det, men tor ikkje å drikk tå di. Å så slengt 'n det attover se. Da kom det nokkå droppa nedpå ei ski på di attast endå. Å det va så sterkt at det small tu det stykkje droppann kom på. Å så beheldt 'n nå sølvbegre, han. Å så ropa trolle:

«Du må gi de tia, te e får på me trillbrokja.»

Å så for 'n nå bratt å flatt, å trolle rulla så eit trådnøst ette 'nå. Å no lovva 'n det at kom 'n se heilskinna frå det, så skull 'n gi staupe åt Rissakjerkjånn. Nå leit 'n på at trolle tålt ikkje da'n. Å no såg 'n at da'n tok te å rinn. Så gol det ein rau hane først.

«Hørre du det, du?», sa han på skia.

E huse ikkje riktig kva trolle da svarra. Så gol det ein svart hane. Å med det sommå rann da'n. Å da ropa trolle:

«No gjel den svarte Bring,
enten må e sprikk hell spring.»

Å så sprakk trolle sunt. Å så va 'n nå berga han. Men han ga (3) sølvbegre åt kjerkjånn. Da ho vart nedrevva, gammelkjerkjå (4), så vart 'ta begre — (staupe) gjevve åt nykjerkjånn på Fell. 

(Rissa)

(1) Forteljaren sa: stubben. Han skulle alltså stå å hogge til å høvle skiene medan treet stod. Helst va det vele i bjørk.
(2) Dem kalla ’n ”Hifjell-gubben”, seier forteljaren, det var eit bergetroll.
(3) Forteljaren sa: ”forert” sølvberge.
(4) Gammelkyrkja i Rissa stod attmed leivingane av Reisklostret. Ho va tå tre, å vart diverre nedriva for godt tretti år siden. Den nye kyrkja vart bygd lenger opp i bygda.
Fortalt til Edvard Langset den 22. juni 1922. Gardmann Jo Jonssen Fessa, 60 år, høyrt det av mange.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *