Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Jutulen

Jutulen bur i bratte berg, helst langt til dals. Det treffer seg at folk kan sjå jutulporten open, so dei fær kike inn i halla hans. Men der hev han det fagert med blanke sylvjosestakar med blinkande kjerter i, våpen av beste slag og mat og drykk i rikeleg mun. — Er han ute og køyrer, so er det med den stautaste hesten og det finaste seletyet som ein kan sjå for augo sine. Og køyrer gjer han like godt over hav og land, over berg og dalar, ja, gjenom lause lufta.

M. B. 1901.

Jutulstugu

På Uv i Rennebu stod i eldre tid ei eldgamal årestugu. Den er no førd til museet i Trondheim.

Segna seier at i Rennebu gjekk det gitordet at um nokon reiv den stuga, skulde den svære Uvhammaren ramle ned og grave ned alt slag.

Det var lenge ingen vågde å rive stova,. Men Knut Uv våga det til sist. Og no stend jutulstugu i Nidaros.

Segna seier at stova var bygd av ein jutul. Han budde fyrst i Svartå-dalen; men no var både han og kjerringa so gamle og dei trong lunare husvære.

Jutulen i veg til Nerskogen og hugg timber. Det bar han heim på herdane. Jutulen hadde dugeleg niste med seg. Det var eit «nautfall» (ukseskrott) og ei famn flatbrød. Men slike stokkar som er i jutulstugu har ingen sett maken til.

Til dørhol var berre avskoren ein stokk, og endå var døra vanleg høg.

Ved Ola Storli, Rindalen.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *