Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Jutulla

Gammel-kjerkjå på Fannrem


Med dem heldt på å bygd på Gammel-kjerkjå (1) på Fannrem, va det ein juttull borti Ro-kolla. Han lika ikkje dem bygd kjerkjå. Å så tok 'n ein stein å villa skyt ned kjerkjå. Men stein nådd ikkje fram. Han kom ned bortpå Fannremma. Å der står 'n den dag i dag.

Stein sto på hall før, sie forteljaren. Han e på lag tre meter lang, 2 m. over, å to 'punne jorden. Han vart fløtta for ein fem seks år sia å sett beint opp. Han Erek Sunnli villa sett eit hus der stein sto. 

(Orkdal)

(1) Den gamle steinkjerkja e no nedreven, å ei ny steinkjerkje e sett opp på sommå tøften.

Fortalt til Edvart Langset den 21. juni 1921 av Jon Sivertson Tueflått, etter far sin.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *