Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Kjølsdalens Musikklag, Kjølsdalen

Kjlsdalens_Musikklag-Kjlsdalen
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: John Johnsen, Olav Kroken, Audun Humborstad, Per P. Gilleshammer, John I. Sundal, Odd Nordbo.
Annen rekke fra venstre: Harald Rutledal, John Magnus Sundal, John Eikds, John O. Sundal, Arthur Sundal, John Sætre, Alf Humborstad, Johan J. Kjøllesdal.
Foran dirigenten lærer Georg Bruvoll.

Interessa for janitsjarmusikk har gjennom lange tider vori levande i Kjølsdalen. Men først i 1926 kunne ein, med økonomisk stønad frå ungdomslaget i bygda, skipa musikklaget med 8 aktive medlemer. Den drivande krafta i skipinga av musikklaget, og arbeidet dei første vanskelege åra, var Jørgen Ber-stad, laget sin første formann, Alfred Humborstad, dåverande formann i ungdomslaget, og Birger Kjøllesdal.

Dei første instruktørane var Arnfinn Myklebust og lensmann Rosenlund. Laget har mykje å takka desse for, serleg lensmann Rosenlund som periodevis heilt til no har hjelpt laget med komposisjonar, instruksjon og engasjement.

Øvingslokalet har vori eit rom i skulehuset. Her har laget øvingane enno.

Noko fast engasjement har ikkje laget. Det har spelt 17. mai, på festar og stemner i bygda og grannebygder. Saman med Davik musikklag har det og delteke på Nordfjord musikklag sine stemner.

Fram gjennom åra har det vori kjøpt ein del nye horn, slik at ein i dag har 12 instrument. Laget står seg bra økonomisk, men har vanskar med å skaffa mannskap til instrumenta, då Kjølsdalen er ei forholdsvis lita bygd, og ungdomen her, som så mange andre stader reiser ut frå bygda.

Harald Rutledal har dei siste åra vori formann i laget. Han har lagt ned eit stort og verdfullt arbeid. Dei andre styremedlemene er John I. Sundal og Odd Nordbø. Dirigent er lærar Georg Bruvoll.

Les mer om Kjølsdalens Musikklag ved å klikke her.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *