Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Kloke koner og runekaaler

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Vilde det ikkje bli smør av rømmen når dei kima, måtte det sikkert vera trolldom sett på kyrne. Då kunde ein gå til ei «klok» kjerring eller til ein runekall og få dei til å gjera dei gode atter. Slike kloke kjerringar og runekallar hadde råder og kunster for alt. Men alltid vilde dei ha noko for arbeidet, um det so berre var ei treflis, so dei kunde takka. Men synåler vilde dei ikkje ha.

Ein gong kom det nokon til ei klok kjerring og spurde um det ikkje var trollskap med ein smørklump som dei hadde med. Han såg ut som ost. Kjerringa tok ein kniv og skar gjenom smørklumpen. På skurdflata viste det seg render som av blod. Då måtte det vera trollskap med i spelet. Ho som fortalde det, trudde elles at kjerringa hadde smurt smørfarge på kniven fyreåt.

Når tussane var leide med sauene um våren, kunde runemeistrane tala til dei og verkeleg få dei til å gå vekk frå sauene og lata dei vera i fred.

Når nokon var sjuk, og ei klok kone var henta, tok ho gjerne ein ulltråd, knytte knutar på han og la han i eit vassfat. På desse knutane kunde dei so sjå korleis det vilde gå med sjukdomen. Løyste knutane seg upp, skulde den sjuke bli frisk atter.

Ein mann hadde fått «tussebit» ein gong. Då sende han ei gjente upp til ei gamal kone som kunde råd for noko tå kvart. Men gjenta møtte kona på vegen, og då fekk ho høyra at kona alt visste kva ho kom etter, fyrr ho sa det, og at ho hadde med seg medisin ferdig på eit lite glas.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *