Internt referansenummer:B-09-001
Kilde:
http://home.online.no/~jsoraa/sagnsamling.htm

Kona på Leknes og dei døde

Dei hadde den trua før i tida at tok ein, som var sjuk, ei skjorte på seg som var kledd av eit lik, så vilde den sjuke bli frisk att, same kor sjuk han hadde vore før. Ein gong var det ein mann som budde på Leknes på Leka som vart sjuk. Kona , ho heitte Anna Dragland, visste ikkje si arme råd korleis ho skulde bera seg åt. Ikkje var det doktrar å gange til i den tida, og mannen låg berre og anka seg. No hadde Anna høyrt om dette med likskjorta, og da det høvde seg såleis at det på nabogarden på Leknes låg eit lik på likstrå, så bestemte ho seg til å fara dit. Det var noko langt å gå, og da det var om å gjøre å vera snar, så spendte ho sleden for hesten og køyrde i veg. Liket låg på eit bur på Leknes. Utan å snakke til nokon gjekk ho dit liket lå og kledde skjorta av det, satte seg på sleden og køyrde i veg heim. For å koma heim laut ho framom kyrkja på Leknes. Ved sida av kyrkja er det ein kyrkjegard. Komen midt for kyrkja fekk ho sjå det kom ein heil hær etter henne, og enda ho jaga på hesten, så han sprang alt det han greide og vel så det, så såg det ut for henne som om forfylgjarane vilde til å koma opp på sleden til henne. Ho tok då eit sjal ho hadde over akslane og kasta det attover utan å sjå seg att. Så køyrde ho i tvitan heim, sprang inn å kledde på mannen skjorta ho hadde teke av liket. Men enda mannen låg berre å anka seg då ho kom att, så hadde han ikkje før fått skjorta på, før han tok til å bli betre, og berre kort tid etter var han heilt bra att. Då kona skulde gå å sjå etter sjalet, så fant ho det plukka sundt i småbitar, og det var ikkje ein heil trå att.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *