Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Kring lakterveden

Ziender var underførster og budde paa Sønstegard i Flesberg og styrde med kjøp av lakterved og kol for Sylvverke her i Numedal. Thilis var overførster i den tidi. Um vaaro var dei uppover dalen og hadde møte, som var tillyst fyreaat, og da møtte dei fram, som vilde ”taka paa lakterved”. I Rollag hadde dei møti sine paa Søre-Traaen, og i Vegglid var det her paa Risteigen hjaa ‘n far. Det var stas daa. Dei hadde med seg ”saker” daa, ser du, og um kveldane sat dei og ponsa — dei velde ha ‘n far med seg paa det med, men det var sjeldan, dei fekk ‘n til det. Han far hadde ei stor sylvbeslegin pipe, som ‘n stappa med kardus og spandera røyk paa dei. Det var berre naar det var storkarar ute og fór, at den pipa var framme. Dei likaste mennane i bygdi hadde gjerne ei slik pipe og ein karduskopp, som var i bruk i slike høve. Eg hev enno den pipa og karduskoppen etter ‘n far.

Me smaagutane, bror min og eg, hekk no med, me med, for me var vande til faa noko av dessa
storfantane. Thilis gav oss jamnan 12 skilling, og Ziener maatte no vise seg lite han med, og so fekk me 4 av honom. Ziener var ein stor gild rusul; men Thilis var ein litin mann.

Elles hadde dei desse møti sine i Kvisle og paa Vehus — for Nedre og Øvre Verjedalen.
Lenger upp tror eg ikkje dei var.

Um hausten møtte dei uppatt og tok av veden. Daa var det baade fire og fem av dei og stundom fleire med i fylje. Dei som hadde lakterved daa, so maatte dei møte fram med ridehest, og det tok daa ut ein hit og ein dit burt igjenom morkine og skulde sjaa paa dennan lakterveden.

Men det gjekk no visst so ymse til, so ‘n vart ikkje levera all den veden, som var ”tikjin aav” soleis, etter som det var sagt.

Um vinteren laag dei daa og køyrde paa denna veden. Der det ikkje var lenger vegen, so køyrde dei ‘n til Lògen; elles dreiv dei ‘n mest til tverrelvine og fløyte ‘n fram i vaarflaumen. I myrane og tjønnane uppaa høgdine her er det ævur att etter dammar mest alle stadir. Dei var kosta upp for denna vedafløytingi si skuld.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *