Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Krossmerket

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

Den vonde kom ein gong åt ei kone som var heime åleine. Mannen hennes var på arbeid, og borna var ute i skogen og plukka bær. Til å bli kvitt han, måtte ho segja at han skulde få eit av borna hennes der ute i skogen. Då so vondemannen kom dit ut og fann borna, spurde han kva dei gjorde der. «Vi plukkar einebæra blå som Jesus sjøl har sett krossen på,» svara dei. Då var dei ogso frie, og vondemannen hadde inga makt over dei. Difor skulde Jesu kross stå på alt som fans i huset.

Ein måtte setja kross i alt som var, so ikkje tussar og trollty skulde få makt over det, på økseskaft og hamarskaft, på alle slags koppar og byttor og liknande bruksting. I båe endane på sopelimen måtte det vera krossmerke, so ikkje trollkjerringane kunde rida på han. I osteformene hadde vætehola krossform, og på den måten vart det alltid krossmerke på ostane dei laga.

Når dei slakta måtte det vera kross i levra, og kross i smørklumpen når dei kinna. Då dei sette den krossen, sa dei:

«Kors i Jesu namn» eller: «Korsen på, trolla tå.»

Ei gamal kone som sat og fortalde gamle ting, vart synleg brydd då husmora kom inn med kveldsmaten hennes. Det var ein talerken graut, og smørauga var forma som ein kross.

Når det var mjølkesupe laurdagskvelden, var det fast ordtak:

«Sjå etter um «gryna» (grynsupa) er so tjukk at korsen står i henne.»

Når dei hadde heina ei øks, måtte dei alltid krossa over øks-kjeften (eggen) med heina. Då hogg dei seg ikkje so lett.

Når dei laga limar, sette dei trollkjerringmerke på skaftet. Det var tri krossar innskorne på ein kvist på eine sida.

Når dei skulde på bjørnejakt, sette dei kross i byrsekula.

Dei slo alltid kross for seg når dei gjekk inn i eit myrkt rom. Men då kunde dei ogso gå trygt.

Dei krossa over gryta, fyrr dei auste upp grauten eller supa.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *