Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Kunstgras til besvær…

Stårheim Idrettslag hadde planlagt å leggje kunstgras på fotballbana si. Til dette trongst mykje pengar og det vart søkt kommunen om tilskot.

Men pengane sat ikkje så laust i kommunen. Det var delt oppfatning, og kunstgraset var det dominerande diskusjonstemna både i kommunale organ og i Fjordabladet.

Geir Lefdal var ein av dei som gjekk inn for kunstgraset og let ikkje noko høve gå frå seg til å kjempe for dette.

No var dette i jaktsida, og Lefdal skaut ein stor kronhjort. Men denne hjorten var så mager som om han ikkje hadde fått i seg mat på lenge.

Då dette vart kjent, kom det tørt frå ein motstandar av kunstgras:

– Det er ikkje so rart han er mager, han har vel levd berre på kunstgras.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *