Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

Bannskap til besvær…

I Hyllestad var det ein kulegravar som var uvanleg fæl til å banne. Han merka ikkje dette mykje sjølv og han tok ikkje omsyn til om han var utanfor eller innanfor kyrkjegarden. Ein gong det var vinter og tele i jorda hadde denne kulegravaren grave ei grav. Men då det var hardt å grave i telen, hadde grava vorte i minste laget, så då dei skulle senke kista vart ho hengjande fast berre halvveges nede. Det var kulegravaren som hadde ansvaret her, og han hoppa ned på kista og trampa for å få ho til å gli ned, alt medan han banna og svor. Alle vart ille ved og presten sytte for at kulegravaren vart avsett.

Fattigforstandar Hugsdal hadde m.a. ansvaret for ei dame som ikkje hadde nokon stad å vere. Ho òg var fæl til å ban¬ne. Han fekk då den lyse ideen å be den avsette kulegravaren om å ta henne i huset. Der kunne ho i alle fall ikkje skremme nokon med banninga si.

Jau, kulegravaren tok imot henne, han. Men etter tre veker kom han att til Hugsdal med dama. Han kunne ikkje ha henne lenger.

– For ho var so inn i heitaste helvete jævlig til å banne. Og slikt tolde han ikkje, sa han.

(kulegravar = gravar)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *