Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Lensmann og prest

Framskoten plass…

Soknestyret hadde råderett i kyrkja den tida då matrikkelen hadde eigne benkar med matrikkelnummer på. Husmenn og andre sat lengst bak i kyrkja, der det ikkje var nummer på benkene.

Men så hende det noko i Stårheim sokn som var heilt uventa. Det kom ny handelsmann til bygda med namnet Halvorsen. Denne mannen var unekteleg kondisjonert og ville ikkje finne seg i å sitje i lag med husmenn og andre bak i kyrkja.

Han møtte opp til høgmesse kledd i snippkjole og flosshatt, og familien hans var utan samanlikning den finaste i kyrkja. Og med all den rett dette innebar, okkuperte han fremste benken på kvinnesida. Benken var avsett til tunghøyrde kvinner og framferda vakte sin storm av misnøye.

Det vart klaga til soknestyret på den sjølvrådige Halvorsen. Soknestyret (del av heradstyret) gjorde vedtak om at Halvorsen skulle forlate benken som ikkje var hans. Men dei tilviste heller ikkje nokon annan plass.

Handelsmannen var sterk av natur. Han tok ikkje omsyn til vedtaket, men tok plass på fremste kvinnebenken som før. Soknerådet handsama saka på nytt og fastsette ei bot, som Halvorsen ikkje betalte. Han nytta denne framskotne plassen i kyrkja så lenge han levde og soknerådet måtte berre bøye av.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *