Internt referansenummer:B-09-001
Kilde:
http://home.online.no/~jsoraa/sagnsamling.htm

Lensmannen som drukna i Hortafjorden

På Leka var det ei tid ein lensmann, som var så fæl til å drikke. Ja, det er nå lang tid no sidan han døyde. Han kunne sitja lange tidene berre å drikke. Ein vinter han hadde vore ute på Hortaøyane i eit gilde, gjekk det riktig gali. Det hadde vorte seint for honom um kvelden, og så koldsiglde han på heimferda. Kanskje han og hadde teke inn meire av det sterke enn godt var. Då han ikkje kom heim um kvelden vart det sett igangleiting etter han, men dei fann berre den kvelvde båten. Men så våren etter da det leid fram i hundedagane flotne han upp så dei fann honom. Det har det laget, at i hundedagane flotnar alt, som er drukna uppat. Liket var då mykje medtatt av at det hadde ligge så lenge. Fingrane tildømes var såleis at dei datt av då han, som fann honom skulde snu liket.  Men han var ikkje så han var snarflemsen han, som fann liket heller, han tok berre fingrane og stakk dem i lumma, fekk liket i båten og rodde heim til lensmannsgarden med det. Gravølet vært halde på Husbybakken og liket til lensmannen nedsett på kyrkjegarden der. Men guten, som fann liket hadde gløymt å leggja fingrane til lensmannen med i grava. Då han kom heim vart han svært sjuk, det såg ut som det sto um liv. Nå var det ei klok kone, som heitte Anna og som budde ikkje langt ifrå. Då guten vart så mykje dårleg og hadde det berre med rop og skrik, så visste foreldra inga anna råd enn sende bud etter Anna. Strakst Anna kom inn døra og fekk sjå guten sette ho i med ei eid, at han hadde no vel aldri att noko av fingrane til lensmannen? Ho var ei slik ei ho Anna, at ho var ikkje så langt etter ei eid. Då hugsa guten seg. Jau, det var rett nok, fingrane til lensmannen hadde han stukke i lumma og der lå dei endå. Jau, han måtte augneblikkeleg bera dei til grava der lensmannen var gravlagt, sa Anna. Guten så gjorde, og han vart snart frisk att. 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *