Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Lushaugkjerringa

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Lushaugkjerringa vart kalla so etter plassen ho budde på, Lushaugen som gjekk med i utraset. Ho kunde noko av kvart og vart henta både hit og dit når noko gale var på ferde.

Det var ei stor og svær kjerring, og ofte kom folk lange vegar og henta henne når nokon var sjuk; for den tid var det ingen doktor å ty til. Men det ho helst hjelpte folk med, var å gjera åt for tussane når dei vart for leide.

Det var ei taus i Levringåm som slo handa si i ein veggpinne, og det sette seg vondt i handa. So gjekk ho til Lushaugkjerringa utmed Eikloen, og ho hadde råd for det. Ho visste av henne, sa ho, visste at ho skulde koma. So «kvåsså» og las ho og sputta på handa.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *