Internt referansenummer:B-09-001
Kilde:
http://home.online.no/~jsoraa/sagnsamling.htm

Maria på Tingstad

Det het seg at dersom ein greide aa stjæle ein gjenstand av sølv eller guld utan at eigaren opdaga det, fekk ein god bør.

Ein dag han Salsnes og ein gut paa 15 aar var paa veg heim etter ein tur sørafor, hadde dei sterk motbør og nordavind. Da dei nærma seg Tingstad sa han Salsnes til guten; naar vi kjem til ho Maria vanker det alltid kaffe og da blir det og kanskje ei raad med motbøra. Daa dei kom fram, vart dei bedt inn paa kaffe og smaabrød. Dei satt aa smaaprata ei stund og til sist seier han Salsnes at dei fekk vel i veg igjen skulle dei rekke heim før før det ble mørkt. Utan at ho Maria merka noko stakk han Salsnes sølvskjea i lomma. Dei takke for trakteringa og rusla ned til baaten. No dreide vinden og det vart ei medbør utan like. Tilsist vart farten saa stor at da dei kom utom Kirknesset sa han Salsnes at dei fekk laara skea dei hadde hatt hengjande i eit snøre. Med det same løya vinden og dei kom seg vel heim. 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *